Hopp til innhold

Vil gje Vegvesenet bot kvar gong tunnelen er stengd

BERGEN (NRK): Fløyfjelltunnelen var stengd over 500 gongar på to år. No meiner Høgre i Bergen at staten må sjå til togsektoren og bøteleggje når tunnelen er stengd.

Fløyfjellstunnelen er nattestengt

STENGD: Fløyfjellstunnelen, ein av Noregs mest trafikkerte tunnelar, var stengt 555 gonger på to år.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

Fløyfjelltunnelen er den viktigaste tunnelen i Bergen, med 46.000 bilar som passerer kvar dag. Dette er hovudinnfartsåra til Noregs nest største by.

I 2017 og 2018 var tunnelen stengd 555 gongar, ifølgje BA. Det vil Høgre i byen no ha slutt på, og føreslår eit utradisjonelt tiltak.

– Vi meiner at Vegvesenet må ha eit økonomisk insentiv for å få opna tunnelen raskt. Dette er livslinja til Bergen, seier gruppeleiar Harald Victor Hove i Bergen Høgre.

Han foreslår at staten skal gi gebyr til Vegvesenet for kvar gang tunnelen er stengt. Forslaget er etter modell frå anbodet som Vy vann på Bergensbanen. Ifølgje BT vil bota liggje på 20.000 kroner for kvar gang eit tog er innstilt.

– Enten ein køyrer bil eller tog, skal det vere konsekvensar når vegen er stengd eller toget ikkje går, seier Hove.

Harald Victor Hove i Bergen Høgre

BOT OG BETRING: Harald Victor Hove (H) meiner Vegvesenet vil bli skjerpa og finne nye løysningar viss dei får eit økonomisk insentiv til å opne Fløyfjellstunnelen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Skal løfte saka til Stortinget

Stengjer tunnelen i rushtida, er det som regel grunna ulukker eller motorhavari. Også ved desse høve skal Vegvesenet få kjenne stenginga på pungen, dersom den ikkje blir opna raskt nok.

Hove har ikkje forslag til kor mykje Vegvesenet skal betale eller til kven, men seier at prinsippet er det viktigaste for han: Ikkje berre folk som skal inn til Bergen må lide når tunnelen er stengd.

Bergen Høgre vil leggje fram forslaget for deira politikarar på Stortinget, i regjeringa og programkomiteen.

Statens vegvesen vil ikkje kommentere forslaget til Høgre inngåande, men seier at dei jobbar hardt for at tunnelar skal vere open mest mogeleg.

– Ein må i nokre tilfelle stenge med omsyn til tryggleik, og også for å halde ved like tunnelane for at vegen nettopp skal vere god og farbar seinare, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Vegvesenet.

Finden

VEGVESEN: Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Foto: ALEKSANDER ÅSNES / NRK

Vil og ofre sykkelveg

Forslaget frå Hove kjem som ein del av ein rekke tiltak Høgre kjem med for å betre trafikkflyten i Bergen. På lang sikt vil dei ha så høg som mogeleg statleg finansiering av Ringveg Aust i Bergen, og på veldig kort sikt meiner dei at bøtene er eit godt tiltak.

I tillegg til bøtelegginga, er han villig til å ofre sykkelvegen som skal gå langsmed bybanelinja til Åsane for å få finansiert motorvegen.

Sykkelvegen har ein prislapp på 2,2 milliardar kroner ifølgje sist kostnadsberekning, noko som er alt for høgt i Hoves auge.

Thor Haakon Bakke (MDG), byutviklingsbyråd i Bergen, reagerer på forslaga frå Høgre.

– Det er ingen som har sagt noko om at finansieringa er under press. Kvifor Høgre går ut og skapar splid og usikkerheit rundt ein sykkelveg dei sjølv er for og stemte for i 2016, aner eg ikkje, seier han.