Hopp til innhold

Høgreordførarar ynskjer fart i samanslåing av kommunar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kommunekartet kan sjå heilt annleis ut om nokre år etter at det har blåse ein blå høgrevind over kongeriket.

Det blir nemleg fleire kommunesamanslåingar i åra som kjem, dersom mange av dei nye høgreordførarane får det som dei vil.

Vil framskunde kommunesamanslåing

Ein av dei som er positive til fleire kommunesamanslåingar er påtroppande høgreordførar i Vågsøy kommune, Morten Hagen.

Han meiner det er ein ny politisk realitet som kan få fart på arbeidet med kommunesamanslåing over heile landet.

Morten Hagen

VIL FRAMSKUNDE: Morten Hagen vil få fart på arbeidet med kommunesamanslåing.

Foto: Thomas Hagen

– Høgre har jo vore eit parti som er for å slå saman kommunar og det er klart at det å kome i gang med utgreiingane er viktig for å sjå om moglegheitene er til stades for kommunane, seier Hagen.

Han håpar no at dei mange nye høgreordførarane bidreg til å framskynde prosessen. For arbeidet med å laga færre og større kommunar har bevega seg med sniglefart:

Dei siste femten åra har det vore sju kommunesamanslåingar i heile landet.

Men kommunevalet gav eit blåare politisk maktkart. Høgre har 37 fleire ordførarar no enn før valet, og fleire kan det bli.

– Det er for tungrodd

Ei undersøking frå 2010 viser ein solid motstand mot kommunesamanslåing. Hele 65,8 prosent av dei spurte sa nei, medan 32,1 prosent sa ja.

Likevel er også nyvald høgreordførar i Time kommune, Reinert Kverneland, ein stor tilhengjar av å slå saman kommunar.

– Høgre arbeidar jo over heile landet for å få større kommunar, og kanskje på sikt sleppe fylkesnivået – så vi får to nivå. Då må kommunane verte større. Vi kan ikkje ha 429 kommunar rett under staten. Det vert for tungrodd, seier Kverneland.

Det er mange gode grunnar til å lage ein ny storkommune på Jæren, meiner Kverneland. To av dei er samhandlingsreforma og felles bygging av skular og bustadhus som kan verna grøderik landbruksjord.

– Mitt område er vel det området i Norge som har bygt ned mest dyrka jord dei siste orda, for det er ein veldig befolkningsauke, seier Kverneland.

Ivrar etter å kome i gang

Trine Danielsen

IVRIG: Trine Danielsen er ivrig etter å komme i gang med prosessen rundt ei kommunesamanslåing.

Foto: Harald Eide Ellingsen / Høyre

Mange av dei ferske blå ordførarane i landet vil som Reinert Kverneland starte arbeidet med kommunesamanslåing i denne valperioden. Det viser ein ringjerunde NRK har gjort.

Trine Danielsen, påtroppande høgreordførar i Hjelmeland kommune i Ryfylke, er ivrig på å komme i gang.

– Eg håpar at vi innan min periode dei her fire åra har greia ut såpass at vi har kome eit langt steg framover. Fyrst må vi få på plass institusjonar og få betre samarbeid, så kan vi kanskje i neste periode få konkrete planar om kor mange vi slår oss saman med, seier Danielsen.

Høgreklyngje i Nordland

Nordland er eit av mange fylke som har fått store klyngjer av høgrestyrte kommunar. Det betyr mykje at det har kome høgreordførarar i nabokommunane, meiner Høgre sin ordførarveteran i Evenes kommune, Jardar Jensen.

– Under føresetnaden at «gulrøtene» kjem på plass, så trur eg at vi få ein større vilje til å slå saman kommunane enn det vi har sett til no, seier han.

Må få betre lokkemiddel

Jardar Jensen

ORDFØRARVETERAN: Jardar Jensen har tru på fleire kommunesamanslåingar i åra som kjem.

Foto: Malvin Eriksen / NRK

Kommunar som ønskjer å slå seg saman kan i dag få pengar frå staten til mellom anna konsekvensutgreiingar, informasjonsarbeid og kompensasjon for tapte rammetilskot.

Det trengst kraftigare lokkemiddel enn som så, meiner Reinert Kverneland i Time kommune. Det kan vera ei bru, ein tunnel, eller ein ny veg som knyter storkommunen saman.

– Det må gulrøter til. Elles så føretrekkjer dei å ha det som dei alltid har hatt det. Det er jo sånn over alt med redsel for det nye, seier Kverneland.