Hopp til innhold

Høgre: – Aarvoll (Ap) har vore lite raus

– Feil, svarar Jarle Aarvoll (biletet). Ordføraren i storebrorkommunen i Sogn frir til Luster og vil gi oppgåver til kommunehuset i Gaupne i ein framtidig storkommune.

Jarle Aarvoll og Jesper Reppen Endestad

FIRE NYE ÅR? – Kva er elevane opptekne av, spør ordførar Jarle Aarvoll (Ap) den unge partifellen Jesper Reppen Endestad på valtorget på Sogndal vidaregåande skule.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vallogo

– Hei, har det vore mykje folk her?

Jarle Aarvoll er på valtorg og paneldebatt på Sogndal vidaregåande skule og har stoppa ved AUF-aren Jesper Reppen Endestad:

– Kva engasjerer elevane, spør ordføraren.

– Det går mykje i skule. Dei som går på yrkesfag, spør mykje om læringsplass, forklarar Reppen Endestad.

Frå Hella til Fantestein

Ei anna sak mange elevar har gjort seg opp ei meining om, er kommunereforma. Det har òg Aarvoll. Sogndals-ordføraren har lenge ivra for ein storkommune i Sogn, frå midt i Sognefjorden til det høgste punktet på Sognefjellesvegen:

– Draumen min er ein kommune frå Hella til Fantestein, men det har vore ei krevjande reise, for me har ikkje enno sett oss ned rundt same bordet og snakka om føremonene og ulempene.

I Sogn har kommunereformarbeidet rørt seg med sniglefart. I mai møttest politikarane i Vik, Balestrand, Leikanger og Sogndal på Leikanger, men dei makta ikkje å få fart på samanslåingsarbeidet, slik dei til ein viss grad har fått til i Sunnfjord- og Hafs-kommunane.

Politikarane i Sogn

SMIL, MEN LITE FRAMDRIFT: Politikarane i Leikanger, Sogndal, Balestrand og Vik har ikkje fått fart på kommunesamanslåingsarbeidet i Sogn, her frå eit møte på Leikanger i mai.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ein grunn til det var at Luster ikkje var å finna rundt møtebordet. I den rike kraftkommunen er motstanden mot kommunefusjon sterk, og Luster-ordføraren har så langt sagt nei til alle invitasjonar. Storebroren i Sogn har lagt opp strategien deretter, fortalde Aarvoll i mai:

– Hadde eg gått endå tydelegare ut med kva eg meinte var best for oss og regionen, så veit eg at det hadde løyst ut motkrefter, og debatten ville ha pensa over i feil spor. Av respekt for dei andre kommunane skal ikkje eg seia kva som er best for dei.

– Passiv Aarvoll

Ordførarkandidat Karin Vikane (H) er lite imponert over strategien til Aarvoll:

– Eg tykkjer det er litt passivt. Me er eit regionsenter, kommunen er i vekst, og då har me eit spesielt ansvar for å vera ein pådrivar i samanslåingsarbeidet.

Karin Vikane

HØGRE UTFORDRAR Ap-Sp-STYRET: – Eg er redd for at me skal koma bakpå i kampen om nye arbeidsplassar, seier ordførarkandidat Karin Vikane (H).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vikane viser til kommunane i nabofogderiet i nord som har kome lenger i reformarbeidet sitt.

– Eg er redd for at me skal koma bakpå i kampen om nye arbeidsplassar. For regjeringa snakkar om å dela ut ein del arbeidsplassar i denne reforma.

– Det er ein grunn til at har hatt den haldninga eg har hatt. Eg reiste samanslåingsdebatten lenge før Solberg-regjeringa og har vore oppteken av å involvera medpolitikarar, slik at alle har hatt eit godt eigarskap til arbeidet, så det er det litt merkeleg at Vikane meiner dette, svarar Aarvoll.

Frivillig fusjon

På Sogndal vidaregåande skule er over 800 elevar i ferd med å finna plassane før paneldebatten. Ei av dei er 3. klasseelev Helena Sæbø Nes frå Leikanger. Ho har ikkje lyst å bli slått saman med Sogndal:

Elevar ved Sogndal vidaregåande skule

MISSER IDENTITETEN: – Eg har ikkje lyst til å bli sogndøl, seier 3. klasseelev Helena Sæbø Nes (18, t.v.) frå Leikanger, her på paneldebatt med venninnene Unni Lefdal Hove (17) og Domante Rubeziute (19).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er stor skilnad på folk i Leikanger og Sogndal. Dette handlar om identiteten min som systrending. Det har mykje å seia for meg.

Men blant politikarane i Sogndal, òg i Sogndal Senterparti, er Leikanger ein av fleire naturlege fusjonspartnarar. Varaordførar Laura Kvamme (Sp), som er partiet sin ordførarkandidat, støttar ein storkommune i Sogn, gjerne òg saman med Jølster, men berre dersom det skjer frivillig og etter ei folkerøysting.

Difor kan ingen Sogndals-ordførar pressa verken Luster, Leikanger eller andre, meiner ho:

– Det er ikkje føremålstenleg å gjera reformarbeidet på ein annan måte enn det som har vore gjort no. Me treng tid.

– Sogndal lite raus

Ei sak som truleg har skapt skepsis blant Sogndal sine naboar, er striden rundt Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal. Sogndal seier nemleg nei til å flytta legevakt, legevaktsentral, døgntilbod for augneblikkeleg hjelp og andre overvakingssenger – såkalla intermediærfunksjonar – til senteret som er ein del av Lærdal sjukehus.

Kommunen vil i staden byggja eigne slike tenester, og den politikken har òg Høgre stått bak – med eitt unntak: to augneblikkeleg hjelp-senger, som Karin Vikane vil at Lærdal skal få. Skal ein storebrorkommune få til samanslåing, må han vera sjenerøs, seier ho:

– Det politiske fleirtalet i Sogndal oppfattar seg sjølv som rause, men eg veit fleire i nabokommunane, og òg i Sogndal Høgre, som ikkje tykkjer at Sogndal er rause.

– Eg meiner Høgre har vore den fremste eksponenten for å skapa det omdømmet, svarar varaordførar Kvamme. Senterparti-politikaren meiner at inntrykket av Sogndal som lite raus, er ein myte:

Laura Kvamme

SP-VARAORDFØRAREN: – Regjeringa må avklara kva inntekter og oppgåver kommunane som vil slå seg saman, skal få, seier ordførarkandidat Laura Kvamme (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det tykkjer eg er beklageleg, spesielt når det kjem til helse- og omsorgssenteret, for striden står vel eigentleg om dei to augneblikkeleg hjelp-sengene. Det politiske miljøet er elles samde om å halda på legevakta i Sogndal.

Frir til Lærdal og Luster

Ordførar Aarvoll vedgår at striden rundt Sogn lokalmedisinske senter har vore krevjande, men han meiner at Sogndal er rause.

Han frir no til Lærdal og tek til orde for at Sogn skal støtta opp om satsinga på trafikknutepunktet Håbakken og veksten i frukt og grønt som skjer der:

– Me burde i endå sterkare grad samla oss om næringsutviklinga i Lærdal. Og då skal eg stå fremst i rekkja og heia på det arbeidet.

Jarle Aarvoll

– EG ER RAUS: Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal frir til både Lærdal og Luster i valinnspurten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Aarvoll sender òg ut ein samanslåingsinvitasjon til Luster.

– I ein eventuell storkommune med Leikanger, Sogndal og Luster meiner eg at kommunehuset i Gaupne skal ha eit mykje større innhald enn i dag, fordi det vil bety mykje for aktiviteten i Gaupne. Så får det vera tenestetorg i tillegg i dei andre kommunane. Dei tenestene som folk brukar ofte, må vera desentraliserte i ein storkommune. Dette kan vera eit utgangspunkt for å drøfta dei litt vanskeleg spørsmåla, men me er enno ikkje komne dit at me kan sitja rundt det same bordet og snakka om dette – diverre, seier Aarvoll.