Hopp til innhold

Høgre krev snarleg gruvedrift-avgjerd

Fylkesleiar i Høgre Arve Mjømen seier saka er for viktig til å stadig bli utsett for useriøse forsøk frå lokale og andre aksjonsgrupper.

Engebøfjellet

VIL HA FORTGANG: Høgre i Sogn og Fjordane krev at avgjerda om gruvedrift i Engebøfjellet kjem så for som råd.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

«Dei har som oppgåve å hindre gjennomføring og etablering av viktige industriarbeidsplassar», skriv Mjømen i eit lesarinnlegg.

– Med det meiner eg at når ein kallar steinmassane som skal plasserast i fjorden som giftig avfall, så blir det veldig useriøst. Det er ikkje slik eg kjenner att dei drøftingane eg har hatt med enkelte geologar i alle fall.

Oppteken av riktig informasjon

Selskapet Nordic Mining vil vinne ut mineralet rutil i Engebøfjellet i Naustdal. Planen er å dumpe overskotsmassane frå gruvedrifta i eit fjorddeponi i Førdefjorden.

Laster innhold, vennligst vent..

Mjømen seier han når han har jobba med denne saka så har han vore oppteken av at det som kjem fram skal vere riktig og viktig informasjon.

– Det gjeld sjølvsagt begge sider. Geologane eg har snakka med kjenner ikkje til at det skal vere noko meir giftig avfall frå Engebøfjellet enn det som normalt er i steinmassane i området.

Saka er for viktig til å stadig bli utsett for useriøse forsøk frå lokale og andre aksjonsgrupper.

Arve Mjømen

Ei spissformulering

– Er det ikkje hardt å stemple motstandarane som useriøse?

– Jo, det er klart dette er ei spissformulering, men eg føler at det ikkje har mangla på det frå den andre sida og. Då tenkjer eg på det å skildre slike viktige etableringar som dumping av gift.

Høgre krev no at det kjem ei snarleg avgjerd.

– Den siste utgreiinga kom i haust etter eit krav som vart framsett i mars 2014. Då var svara på plass og eg hadde forventa at dette vart sett litt tempo i, seier Mjømen.

Mjømen skriv i sitt lesarinnlegg at det ikkje er frå at gründerar vert utsett for så langvarig motgang som her.

«Det liknar meir eit meisterskap i uthald enn god næringsstrategi», skriv han.

Desperat frå Mjømen

– Det blir litt desperat å seie at vi som er ueinig er useriøse. Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernæring- og sjømatforskning og Mattilsynet er i mot. Også innad i Høgre er det motstand mot gruvedeponiet. Så det er ganske mange han kallar useriøse, seier Arnstein Vestre i Natur og Ungdom.

Han er einig i at det må kome eit vedtak.

– Vi meiner det no er nok info til å seie nei. Vår oppmoding til Sanner er å leggje prosjektet i skuffa for godt, slik at både vi og Mjømen kan sove godt.