Hopp til innhold

Høgre går inn for folkerøysting om Kinn kommune

Høgre i Vågsøy kjem til å foreslå folkerøysting om nye Kinn kommune på kommunestyremøtet i morgon.

Kinn kommune

– Vi kjem til å fremme eit forslag som i utgangspunktet seier ja til folkerøysting, men under ein del føresetnader, seier lokallagsleiar Linda Vika-Svärd i Vågsøy Høgre.

Det skriv Fjordenes Tidende.

Høgre vil folkerøystinga skal haldast innan utgangen av juni.

– Vi skal ha mykje informasjon først. Her har alle som er for Kinn ein solid jobb å gjere slik at vi får mest mogleg og best mogleg informasjon ut til folk før dei skal røyste, seier Vika-Svärd.

Med visse føresetnader

Linda Vika-Svärd, lokallagsleiar i Vågsøy Høgre.

FOLKERØYSTING: Linda Vika-Svärd ER lokallagsleiar i Vågsøy Høgre.

Foto: Silje Guddal / NRK

Men før ein opnar for folkerøysting vil Høgre det visse føresetnader som må på plass, skriv avisa.

1. Vågsøy kommunestyre vedtar å gjennomføra ei folkerøysting om Kinn.

2. Vågsøy kommunestyre kjem innbyggjarane i møte med deira behov for meir informasjon om Kinn.

3. Før folkerøystinga må organiseringa av Kinn, økonomiske føresetnader og tolkinga av delt kommunesenter avklarast.

4. Folkerøystinga må haldast innan utgangen av juni.

– Kan hende er det dette som må på bordet for at det skal bli tryggare å vere for Kinn, seier Vika-Svärd.

Overraska

– Dette er den største saka politikarane i Vågsøy har diskutert på mange 10-år. Det å skulle endre kommunegrensene så dramatisk, det gjer noko med folk, seier redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende.

Engasjementet rundt kommunegrensene har så absolutt synt igjen i avisspaltene.

Erling Wåge

STOR ENGASJEMENT: Erling Wåge er redaktør i Fjordenes Tidende.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg har vel aldri opplevd at vi tidlegare har hatt ei avis med fem tettskriven sider med lesarinnlegg om ei sak, seier Wåge.

Wåge fortel at dei måndag kveld fekk dei første signal om at noko var på gang i Høgre.

– Signala gjekk på at det var stemning for å gå for folkerøysting, men at ein var litt uklare på kva som skulle ligge i premissane. At dei no kjem med ei samla innstilling det var nok litt uventa, seier Wåge.

Stor engasjement

Innbyggjarane i Vågsøy har protestert mot samanslåing med Flora, og 1500 av 6000 innbyggjarar har skrive under på ein underskriftskampanje for folkerøysting. Både Flora og Vågsøy har gjort vedtak om samanslåing i kommunestyret, det same har Stortinget.

– Etter mitt syn er spørsmålet innbyggarane må få ta stilling; ja eller nei til samanslåing med Flora. Men det er det opp til kommunestyret å avgjere.

– Med tanke på at Stortinget allereie har sagt ja til Kinn. Kva kan ein bruke eit eventuelt nei til?

– Dersom vi vil løyse opp Kinn, så har vi då ei folkerøysting i ryggen når vi då må gå til Stortinget for å be om å få det løyst opp. Utan ei folkerøysting så trur eg ikkje det er mogleg, seier Vika-Svärd.