Høgre «sette fyr» på debatten

Medan dei andre partia i Førde har slite med å finne 500.000 kroner for å redusere halleiga i Førdehuset for born og unge, trylla Høgre fram innsparingar på fem millionar kroner for neste års budsjett.

Arbeidarpartiets Terje Gjertsen og Olve Grotle i Høgre duellerte om ordførarklubba i Førde.

OPPHETA: Olve Grotle (t.h.) og Høgre skapte oppheta stemning då dei lanserte sine framlegg til budsjettinnsparingar torsdag. Biletet er frå valvaka på Sunnfjord hotell i 2011.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Partiet la fram planane under gårsdagens formannskapsmøte, men vart møtt med skuldingar som urealistisk, useriøst og uansvarleg frå opposisjonen, skriv Firda.

Høgre fann pengane ved å gå vekk frå mange av innstillingane til rådmannen.

– Eg må berømme Høgre for å grave og leite. Ein del vil heilt sikkert slå til, men noko blir ønsketrekning og Lotto, sa Iris Loftheim (Sp) ifølgje avisa.

Justerte ned satsar

Eitt av Høgre sine framlegg er å opprette ei ny stilling i administrasjonen som skal jobbe permanent med forenkling og effektivisering i kommunen.

– Vi trur kommunen har mykje å hente på effektivisering i ulike ledd, sa Bodil Kidøy Lunde ifølgje Firda.

Pengane fann Høgre ved å justere rådmannen si føreslåtte lånerentesats frå 3,1 til 2,9 prosent. I tillegg ynskjer partiet å privatisere reinhald og revisjon, og set høgde for at folketalsveksten i siste kvartal blir like høg som i dei tre første.

– Ikkje ut av lause lufta

I tillegg reknar Høgre med ein halv prosent lågare lønsvekst enn dei 4,0 prosentane som rådmannen legg opp til. Samla sett gir endringane ei innsparing på vel fem millionar kroner.

Ifølgje Firda skildra Terje Gjertsen (Ap) framlegget som uansvarleg, fullstendig, urealistisk og som «tenk på eit tal». KrF, som er i eit valteknisk samarbeid med Høgre og Venstre i Førde, sa klart ifrå at dei ikkje ville støtte framlegget.

Ordførar Olve Grotle avviste at partiet var uansvarlege.

– Tala våre er ikkje tekne ut av lufta, sa han og ifølgje avisa viste til at Helse Førde har spart mykje på å setje reinhald ut på anbod, og at folketalet i Førde truleg vil ha same vekst som elles i år.