Hopp til innhold

Høggravide Jenny har to snøras mellom seg og sjukehuset

Jenny Menes har termin om knappe to veker. Men viss fødselen startar i kveld, har ho to ras som stengjer vegen mellom ho og fødeavdelinga på Førde sentralsjukehus. Førebels er det usikkert når vegen vert opna.

Jenny Menes har to ras mellom seg og sjukehuset

IKKJE REDD:–Eg er førebels ikkje redd. Vi må berre tru det går bra, seier Jenny Menes.

Foto: privat

– Det må vel kallast dårleg planlegging, ler Menes.

Nokre hundre meter frå huset deira er vegen mellom Menes og Ulvestad stengd av eit snøras som gjekk tidlegare i dag.

Nokre mil lenger ute, i Esebotn, mellom Dragsvik og Balestrand, er fylkesveg 55 også stengd. Her vert det ikkje opna i dag. Her går det kriserute mellom Hella – Dragsvik og Balestrand. Sjølv om vegane hadde vore opne, har Menes vel to timar køyring til sjukehuset i Førde.

Fekk rasoverbygg i haust

Ho bur saman med mannen sin Arnstein, som er leiar i samferdsleutvalet, og tre born i alderen eitt til fire år på Menes i Balestrand kommune. Fylkesveg 152 mellom Ulvestad og Menes er ein av dei mest rasutsette i Sogn og Fjordane. Vegen er kvar vinter stengd ei rekkje gonger på grunn av snøras og fare for ras.

I mai 2013 starta arbeidet med å byggje rasoverbygg forbi rasstaden Allgøya på vegen.

– Vi fekk jo ferdig rasoverbygget no i haust, så vi hadde kanskje håpa at det ikkje skulle rase andre stadar, men det har det gjort, seier Menes.

Raset i dag har gått om lag 300 meter unna rasoverbygget. Der er det snakk om å lage ein rasvoll, men dette er ikkje endeleg bestemt.

– Ein må berre ta det som det kjem. Vi veit at vi bur langt frå sjukehuset. Men vi hadde kanskje håpa det hadde vore råd å gjort meir for å halde vegen open. Men med raset i ettermiddag vart det jo stengt, seier Menes.

Har bestemt seg for å vente

Fleire gonger når vegen deira har vore stengd har dei komme seg over rasstaden til fots. Men Menes er usikker på om det er ei god løysing viss riene skulle slå til.

– Det kan jo hende det er mogleg, men det er ikkje akkurat anbefalt, seier Menes.

Ho har fått tilbod frå Førde sentralsjukehus i dag om å komme på pasienthotellet i Førde.

– Men vi har tre andre born som også treng ettersyn. Og berre å komme seg til Førde no, er ikkje så lett, seier Menes.

Dei har førebels ikkje fått noko beskjed om når vegen mellom Menes og Ulvestad vil bli opna.

Det kan heller ikkje Vegtrafikksentralen gi eit klart svar på.

– Eg tvilar på at det vert gjort noko ny vurdering før det vert dagslys i morgon, seier Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen.

Siste løysing er svigermor

I mellomtida håpar far og mor Menes at siste skot på familiestammen ikkje vel å komme ut før termin.

– Eg har ikkje født for tidleg før, så eg håpar det ikkje skjer no heller, seier Menes.

Næraste jordmor og ambulanse er i Høyanger, sju mil unna, så skulle det dra seg til, er ho klar på at dei nok må klare seg sjølve.

– Svigermor i nabohuset er helsesyster, så det er vel den helseberedskapen vi har. Men eg trur ikkje nokon av oss håpar at ho må trå til som jordmor, seier Menes lattermildt.

At næraste ambulanse og jordmor er sju mil unna, er heller ikkje til stor trøyst.

– Det er langt. Og i dag hadde dei uansett ikkje klart å komme seg hit, seier Menes.

Men redd er ho førebels ikkje.

– Nei, ikkje endå. Eg vel å tru at det går bra, seier Menes.

Må vere budd på at ting tek tid

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, stadfestar at dei kjenner til situasjonen.

– Vi tok kontakt for å vere føre var og for å gje vedkommande eit tilbod, men ho ville vente. Vi satsar på at ting går bra og at vegen opnar att. Men er vegane stengd, så må ein vere budd på at ting tek lengre tid, seier Sægrov.

Stian Sægrov

KREVJANDE: Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, legg ikkje skjul på at ras og stengde vegar gjer det utfordrande å rykkje ut raskt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Næraste fullverdige ambulansebåt er i Solund. Men Sægrov seier ei må vurdere andre moglegheiter, dersom situasjonen skulle endre seg raskt.

– Når det gjeld luftambulansen, så er det ei vurdering som må takast der og då, for vêret styrer vi ikkje, seier Sægrov.

Manglar straum på éin kurs

Som om ikkje det var nok, er familien også delvis utan straum.

– Vi har ein kurs som ikkje fungerer, og det er mellom anna den både frysar og varmepumpe går på. Så temperaturen går jo gradvis ned, og slik har det vore sidan i 18-tida onsdag, seier Menes.

Hjå Sognekraft stadfestar dei at dei kjenner til problemet, men på grunn av raset mellom Menes og Ulvestad vil det ikkje bli gjort noko med det i dag heller.

– Vi kjem oss rett og slett ikkje til. Det er truleg snøen som har slite av ein tråd. Vi har leita litt framover på linja, men sidan vegen er stengd, får vi ikkje feilsøkt alt. Eg tvilar på at vi klarar å utbetre dette før i morgon, for det er vanskeleg å feilsøkje i mørket, seier nettsjef i Sognekraft, Harald Stadheim.