Bachelor i sosialt arbeid og 20 års erfaring som hjelpepleiar.
Linda Sofie Kannelønning, Randi Selseng Johansen og Lillian Tistel har lang erfaring frå helsevesenet, men ikkje rette fag frå vidaregåande.
Då venta eitt år på skulebenken før dei kunne begynne på den desentraliserte sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
No tek både studentar og fagfolk til orde for å fire på karakterkrava på sjukepleiarutdanninga.
Linda Kannelønning, Randi Selseng Johansen og Lillian Tistel går fjerde året på den desentraliserte sjukepleiarutdanninga ved HVL.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKManglar nesten 5000 sjukepleiarar – vil karakterkrav til livs
Noreg manglar 4600 sjukepleiarar, ifølgje tal frå Nav.
Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå viser at behovet berre vil auke i åra som kjem. Imens brukar helseføretak og kommunar millionar på vikarstafettar for å fylle vaktlistene.
I 2019 kom det nye krav om karakteren tre i norsk og matte frå vidaregåande skule. Målet var å heve kvaliteten og gjennomføringsevna til studentane.
Men kravet har også skapt utfordringar for utdanningane. Søkjartala til sjukepleiarutdanningane var i haust dei lågaste på 10 år.
Berre 13 av totalt 51 søkarar var kvalifiserte til den desentraliserte sjukepleiarutdanning ved HVL i Førde i år. Utdanninga blir derfor ikkje starta opp.
Dei tre sjukepleiarstudentane som har praksis ved Lærdal sjukehus har no byrja på tredje året i si desentraliserte utdanning. Dei meiner karakterkravet bør bli fjerna.
– Eg trur matten frå vidaregåande ikkje er relevant for matten på sjukepleieutdanninga. Diktanalysen er eg òg litt usikker på, seier Kannelønning.
– Eg er heilt ueinig i at matte du tok på vidaregåande for 20 år sidan, og som du kanskje fekk ein to-ar i, framleis skal telje, seier Tistel.
No ønsker også HVL å søke departementet om dispenasjon frå karakterkrava på sjukepleiarutdanningane ved HVL.
Sogn Avis skreiv først om saka.
Vil gi fleire studiemoglegheit
Instituttleiar for helse- og omsorgsvitskap ved HVL, Georg Førland fortel at Høgskulen vil fjerne karakterkravet for at fleire skal få moglegheit til å gå på studiet.
– Har søkarar studiekompetanse, har dei grunnlaget som trengst, seier Førland.
Han understrekar at studiet har strenge krav undervegs for å sikre at studentane lærer det dei skal.
I tillegg til karakterkrava, har den desentraliserte utdanninga til HVL eigne krav om å bu i ein kommune i nærleiken av studiestaden og to års relevant arbeidserfaring.
Desse krava skal høgskulen fjerne frå neste år.
– Handlar om pasienttryggleik
Sjølv om det er sjukepleiarmangel, trur forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk sjukepleiarforbund at det å fjerne karakterkrava i matte og norsk ikkje er vegen å gå for å rekruttere fleire sjukepleiarar.
Ho meiner desse krava er knytt til pasientsikkerheit, og understrekar at sjukepleiarstudiet er eit krevjande studium.
Larsen synest det er alvorleg at så mange søkarar er ukvalifiserte til sjukepleiarutdanningane.
– Vi treng alle dei sjukepleiarane vi kan utdanne sjølv i Noreg.
– Auka lønn, betre arbeidsvilkår og eit fagmiljø som rekrutterer, vil ha større betydning for rekruttering. Løysinga er ikkje å senke krava, seier Lill Sverresdatter Larsen i Norsk sjukepleiarforbund.
Foto: Per Sveinung Larsen / NRKVil søke dispensasjon
I fjor gjekk ei ekspertgruppe gjennom opptakskrava til høgare utdanning. Dei tilrådde å fjerne karakterkrava til mellom anna sjukepleiarutdanninga.
Ekspertgruppa meinte dersom du har bestått vidaregåande skule, har du nok kunnskap til å studere.
Dei tilrådde derimot at desentraliserte utdanningar kan halde fram med å ha spesielle opptakskrav for å unngå at søkarar frå nærområdet blir utkonkurrert av betre kvalifiserte søkarar frå andre delar av landet.
HVL søkte i fjor om dispensasjon frå karakterkravet for både den vanlege og desentraliserte sjukepleiarutdanninga, utan å få det innvilga. Høgskulen planlegg å søke på nytt for neste år.
Bukrav gjer søkarar ukvalifiserte
Ved Universitetet i Sør-Noreg (USN) var berre 80 av 1017 søkarar kvalifiserte til dei to desentraliserte sjukepleiarutdanningane.
USN har òg krav om å bu i ein kommune i nærleiken av studiestaden, i tillegg til det nasjonale karakterkravet.
Dekan ved fakultet for helse- og sosialvitskap Pia Cecilie Bing-Jonsson, fortel at bukravet er hovudgrunnen til talet på ukvalifiserte søkarar.
Dei vurderer å endre dette kravet, men vil ikkje fjerne karakterkravet.
– Vi har ikkje planar om å søke dispensasjon frå karakterkravet ved førstkommande opptak, men vi skal følge med på kva dei gjer på Vestlandet.
Frå praksisplassen ved Lærdal sjukehus ber sjukepleiarstudentane om at noko bør skje.
Dei meiner at fleire sjukepleiarar på jobb er vel så viktig som mattekrav for å unngå feil.
– Utfordringa ligg i at det sjeldan er nok folk på jobb. Du står kanskje åleine på ein sjukeheim og skal trekke opp morfin, utan å ha nokon til å dobbeltkontrollere seg.
– Det er mykje anna som er viktig for å bli ein god sjukepleiar enn karakterkrav i norsk og matte. Dei som har tatt sjukepleien utan kravet, har no klart seg godt dei og, legg Tistel til.