Hopp til innhold

Høg utskifting pregar barnevernet i Bergen: – Går utover familiane

Ein av fem tilsette i barnevernet i Bergen har slutta dette året. Tillitsvalde fortel om høgt press, og mykje stress på jobb.

Ole Mikalsen, Barnevernet

EIN UTMATTANDE JOBB: Tillitsvald i Fellesorganisasjonen i Bergen, Ole Mikalsen, seier det krevjande å jobba i barnevernet.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

– Det er mykje stress og press. Det har det alltid vore, men kvar gong ei sak treff media blir det ekstra tungt, seier Ole Mikalsen.

Han er tillitsvald i Fellesorganisasjonen i Bergen, der tilsette i barnevernet er organisert, og seier det krevjande å jobba i barnevernet, og spesielt no.

Mikalsen seier han forstår reaksjonane mot barnevernet etter Statsforvaltaren sin rapport. Dei tilsette kjenner òg på det.

– Dei skuldingane som kjem mot ein tilsett, treff mange i magen. Me identifiserer oss med kvarandre, seier Mikalsen.

Ein av fem har slutta

Sidan januar har 33 av 182 tilsette slutta i Barnevernet i Bergen, skriv Bergens Tidende.

Det vil seie nesten ein av fem.

– Sånn var det nokolunde i fjor, og i forfjor. Turnoveren har vore eit stort problem i mange år, seier Mikalsen.

– Kva konsekvensar har dette?

– Det går utover familiane som har kontakt med barnevernet. Det gjer at born og vaksne møter fleire kontaktpersonar i løpet av ei undersøking.

Mikalsen peiker på arbeidspress, omdøme og arbeidsvilkår som er årsaka til at så mange sluttar. Han håpar på endring på eit politisk nivå.

Fellesforbundet har i dag hatt møte med byrådsleiar Roger Valhammer (Ap), og kome med ei rekke forslag for å betra situasjonen.

Valhammer beklaga til born og foreldre i dag, men opposisjonen vurderer mistillit.

Barnevernsdirektøren i Bergen gjekk av på måndag.

Les også Byrådsleiaren beklaga til barna: – Nokon skulle hjelpt dykk tidlegare

Byrådsleiar Roger Valhammer i forretningsutvalet 4.oktober 2022.

Fant alvorlege feil i 2020

Barnevernet i Bergen har vore offer for kritikk ved fleire høve.

Allereie i 2020 viste rapportar at både born og foreldre var utsett for «grov ignorering». Leiaren for utvalet meinte då at kompetansen var for låg.

Bakgrunnen for denne granskinga var at byrådet sjølv hadde bestilt ho, etter at det oppstod meir og meir klager i barnevernssaker.

Byrådet i Bergen

Roger Valhammer har måtte tola mange kritiske spørsmål etter at fleire rapportar har vist at barnevernet ikkje fungerer.

Foto: Marit Hommedal / NTB

I dag har byrådsleiar Valhammer bede om orsaking til dei som har opplevd eit barnevern som ikkje fungerer, og kome med ei liste med strakstiltak.

– Ein serie av knusande rapportar mot barnevernet i Bergen

Politisk redaktør i Bergens Tidende, seier ho ikkje blir overraska om det blir mistillit mot barnevernsbyråd, Katrine Nødtvedt.

Ho meiner det er vanskeleg for opposisjonen å ikkje krevja at byråden går av.

Den siste saka omhandla ein sju år gamal gut var funnen bunden fast i ei seng, er for alvorleg.

– Dette er berre den siste i ein serie med knusande rapportar om barnevernet i Bergen. Oppfordringa til å handla har vore til stades i mange år, seier Eikefjord til NRK.

Eirin Eikefjord, Bergens Tidende

Eirin Eikefjord er politisk redaktør i Bergens Tidende, og trur mistillit er mogleg.

Foto: Lidvard Sandven / NRK