Det kjem fram i Havarikommisjonen si undersøking av ulukka
. Brannbilen var under utrykking til Leikanger.På ei strekkje med fleire kurver kom tankbilen utfor vegbana. Etter 80 meter skar den over vegen og krasja med ein møtande bil. Ein 48 år gamal mann omkom.
– Undersøkinga har avdekt at vegtilhøva på staden, med smal veg og ein asfaltkant på kring 14 cm, var ein medverkande faktor til at tankbilen miste kontrollen då han svinga inn på vegbana att, seier avdelingsdirektør Rolf Mellum i Havarikommisjonen.
Bør følgje opp
I rapporten kjem det fram at det har vore fleire utforkøyringar på same staden på riksveg 55. Mellum seier undersøkinga har avdekt eit behov for betre oppfølging og utbetring av høge asfaltkantar på det eldre vegnettet.
Det er også eitt av to råd dei rettar mot Statens vegvesen etter ulukka; å utbetre alvorlege avvik i høgdeskilnader mellom asfaltkant og sideterreng på spesielt risikoutsette stader.
Det er første gang Havarikommisjonen ser ei så klar årsakssamanheng at dei kjem med ei slik tilråding. Den høge asfaltkanten gjorde det vanskeleg å styre tankbilen kontrollert inn att på vegen og gjorde at tankbilen fekk skrens.
Mellum ser at tilrådinga kan utløyse store ressurskrav.
– Høg asfaltkant er eit kjent fenomen, og vi har fått fleire innrapporteringar der det har vore aktuelt å sjå på som tryggleikstema. Det er også kjent i vegmiljø og blant trafikantar at høg asfaltkant kan vere utfordring, seier Mellum.
– Kostbart å følgje opp
Avdelingsdirektør i Statens vegvesen Region Vest, Svenn Egil Finden, seier dei vil sjå på moglegheitene for å følgje opp tilrådinga om å sjå på enkelte punkt. Han vedgår også at tilrådinga er kostbar å følgje opp.
Han seier det spesielt er det eldre vegnettet som har desse problemstillingane.
– Det gjeld vegar som er bygde i tidlegare tid og til andre normalar som gjer at dei ikkje har skulder, slik som på vegane som blir bygde i dag, seier han.
Finden seier grøfter er naudsynte for å ta unna overflatevatn.
– Det kan sjå enkelt ut å fylle i grøfta, men ofte må det til større tiltak for å løyse problemet på ein god måte. Det er uheldig å fylle i grøfta, og skape problem for overflatevatn som igjen kan skade vegen, seier han.
Manglande krav til trening
Politiet har
.Tankbilen var eldre årgang og ein ombygd mjølkebil, utan skvulpeskott. Dersom tankane ikkje var heilt fulle, ville vatnet flytte seg sideveges. Havarikommisjonen rekna seg fram til ein fyllingsgrad på 97 prosent.
Havarikommisjonen meiner krenging og lågare lufttrykk enn tilrådd, påverka køyreeigenskapane til den fullasta tankbilen. Tankbilen var utan førarstøttesystem som kunne ha varsla eller hjelpt føraren i situasjonen. Fem dagar før ulukka var den gjennom vekesjekk.
Vegvesenet konkluderte også med at
.Føraren var erfaren, men køyrde tankbilen for første gang under utrykking.
Havarikommisjonen konkluderer med at Sogn brann og redning ikkje hadde gode nok system for å gjennomføre vedlikehaldstrening i tråd med krava i utrykkingsforskrifta for mannskapa sine.
– Det er ein mangel som undersøkinga har påvist, og som Sogn brann og redning har retta opp og gjort noko med. Slik sett har vi ikkje grunnlag for å rette stor kritikk mot brannvesenet i ettertid, seier Mellum.
I staden rår dei Statens vegvesen til å innføre krav til dokumentert vedlikehaldstrening ved fornying av kompetansebevis for utrykkingskøyring.
– Forskrifta krev at den einskilde utrykkingsføraren til ei kvar tid skal ha den kompetansen som er naudsynt for aktuelle oppdrag og køyretøy, og SHT stiller seg kritisk til at det ikkje er krav om spesifikk vedlikehaldstrening med tyngre køyretøy, seier Mellum.
Brann- og redningssjef Vidar Trettenes i Sogn brann og redning ynskjer ikkje å kommentere rapporten.