Hopp til innhold

Surfeparadiset Hoddevika får endeleg mobildekning

Hoddevika i Selje skal snart få mobildekning som dei fleste andre.

Hoddevika

ENDELEG DEKNING: No skal også innbyggjarane i den vesle bygda Hoddevika få bruke mobiltelefonen sin.

Foto: Jan Ove Hoddevik

I årevis har frustrerte innbyggarar kravd at dei også skal kunne bruke mobiltelefon i surfeparadiset. Mellom anna har dei frykta for tryggleiken til tilreisande turistar.

Ei av dei som er glad for dette er Anne Ragnhild Hoddevik. Ho har kjend på kjensla av at noko som samfunnet elles tek som ei sjølvfølgje ikkje har blitt dei til del.

– Det var ei gledeleg melding. Vi har altså ikkje håpa forgjeves, seier ho.

Betaler Telenor

For med berre nokre titals innbyggarar har ikkje Telenor funne det lønsamt å bygge ut mobilnettet til grenda ytterst mot Stadhavet. Avtalen som gjer til at bygda likevel får dekning, går ut på at Selje kommune saman med Breibandsforum betalar Telenor for å byggje ut, seier rådmann Reidar Sandviknes.

– Det er Telenor som har akseptert summen og vil gå i gang med utbygging. Eg reknar med at det mobilnettet skal vere på plass før sommarsesongen startar.

Truleg ikkje dekning på Tystigen

Bjørn Amundsen i Telenor

TVILAR: Bjørn Amundsen i Telenor trur ikkje dei får ein ny avtale på plass.

Foto: Telenor

Men medan folk i Hoddevika kan gle seg, ser det mørkt ut for å få på plass mobildekning på Tystigen i Stryn neste sommar.

Mobilmasta har dei siste åra stått på eigedomen til Videseter Hotel, men i sommar valde direktøren å ikkje fornye kontrakten med Telenor.

Dekningsdirektør i Telenor Bjørn Amundsen seier dei jobbar med å få til ei løysing, men har ikkje lukkast så langt. Dermed kan mellom anna sommarskisenteret bli utan dekning til sommaren.

– Dette er ei veldig komplisert sak. Eg har vore i Stryn på møte og på synfaring, og vi har vore kontakt med fleire instansar for å finne ei løysing. Slik det ser ut no, ser det ikkje ut til at vi får dette på plass til sommaren, seier Amundsen.