Hobbyfiskar sendt til sjukehus
Tilstanden er uviss for ein eldre hobbyfiskar som i går kveld vart sendt til sjukehus i Førde. Det var beredskapsbåten «Ocean Alden» som tilfeldig kom over ein 32 fot fritidsbåt som dreiv vest av Florø. Den første meldinga gjekk på at båten var tom for drivstoff. Etter kvart viste det seg at mannen også trengde medisinsk hjelp.