Sjekkar vêrvarslet minst to gonger om dagen

Mange frukt- og bærbønder meiner nok dei har det litt for spennande i desse dagar. Det er på høg tid at temperaturen stig, for at alle avlingar skal få tid til å modne før hausten kjem.

Henriette Skåden

VENTAR PÅ SOMMAR: Dagleg leiar ved Innvik Fruktlager Henriette Skåden vil ha tosifra temperaturar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det er framleis uvisst kor mykje den kalde maimånaden vil påverke frukt- og bæravlingane i fylket.

– Vi ser at vi går mot ein seinare sesong, og det går veldig tregt ute i feltet, seier dagleg leiar Henriette Skåden ved Innvik Fruktlager.

Både vêret og avlingsutsiktene er i den andre enden av skalaen enn på same tid i fjor.

Inga tid å miste

Når NRK møter Skåden og kollega Svein Kvame har dei nettopp vore på synfaring mellom blømande frukttre i Innvik. Truleg godt kledde, for temperaturen viser åtte grader.

– No må vi ha høgare temperatur, det er ein føresetnad om frukta skal modne ut i andre enden, seier Kvame.

For plommene ser det bra ut, opplyser dei to, då dei blomstra med høgare temperaturar. Det er for tidleg til å fastslå noko om epla. Men dei legg ikkje skjul på at dei skulle ønskje gradestokken viste eit tosifra tal grader.

Svein Kvame

SPENT: Svein Kvame ved Innvik Fruktlager tok i mot over 400 tonn bringebær i fjor. No er han spent på årets avling.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Med omsyn til bringebæra er vi heilt avhengige av høgare temperatur for å få meir sideskot og meir knoppar, seier Kvame.

Kva tid må den temperaturen kome før ein verkeleg begynner å bli uroa?

No, i løpet av dei første dagane, slår Kvame fast.

Bør godsnakke med vêrgudane

Fylkesgartnar Jon Anders Stavang har merka seg den kalde månaden vi har lagt bak oss, og at gradestokken ikkje fekk nokon oppsving då vi gjekk inn i juni.

Stavang er særleg uroa for dei tusenvis av biene som har ein særs viktig jobb i desse dagar.

– Særleg biene ein plasserer i frukthagar i bikubar treng i alle fall 12–15 grader for å kome ut. Dei flyr ikkje under slike forhold som no, påpeikar fylkesgartnaren.

Innvik Fruktlager

KLARE KASSAR: Det vert seint på sommaren før desse kassane kan bli fylt av ferske bringebær.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Truleg vert ikkje alle blomane støva, men det treng dei ikkje heller, for uansett må ein tynne i løpet av sesongen. Men slik forholda er no så kan det peike i retning av at avlingane kan bli redusert, seier Stavang.

– Kva kan fruktbøndene gjere?

– Diverre ingenting. Dei må nær sagt ha gode forbindelsar til dei som styrer vêret og godsnakke med dei, seier Stavang.

Optimistar

På fruktlageret i Innvik er dei likevel optimistar. Med høgare temperaturar framover kan mykje snu seg.

– Kor ofte sjekkar du vêrmeldingane?

– Dei sjekkar vi i alle fall to gonger om dagen. Alle er veldig opptekne av vêret. Vi er veldig spente, men vi held på optimismen, seier Skåden.