Ho opnar snart døra på Sogn lokalmedisinsk senter i Lærdal

Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal er snart klar til å ta imot pasientar.

Vivian Kvam

DET MESTE PÅ PLASS: Dagleg leiar Vivian Kvam kan om ein knapp månad ta imot dei første pasientane.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Senteret opnar om ein knapp månad, fortel dagleg leiar Vivian Kvam.

– På mange område ligg vi bra an. Dei tilsette er på plass, dei har vore på opplæring i Førde, og dei har fått litt intern opplæring her på sjukehuset. Mykje av utstyret er også på plass, men vi ventar på nokre sentrale ting, mellom anna innan IKT, og vi har enno ikkje fått telefonsentral.

Det er sju kommunar som har gått saman om senteret, som har tilhald på Lærdal sjukehus. For dei som lurer på kva eit lokalmedisinsk senter kan tilby har Vivian Kvam denne informasjonen:

– Kommunane samarbeider og ser på oppgåver som dei ikkje greier å løyse på eiga hand eller som dei ynskjer å samarbeide om. Så blir desse tenestene samlokaliserte og utvikla.

Lærdal sjukehus

PÅ SJUKEHUSET: Sogn lokalmedisinske senter skal ha lokale på Lærdal sjukehus.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Øyeblikkeleg hjelp-senger

Senteret skal ha legevakt på ettermiddag og helg. Til no har det vore på dei ulike kommunale helsesentera og legekontora. No blir det samla i gode lokale.

– Så blir det nokre øyeblikkeleg hjelp-senger for kommunane. Det er tenester som blir lovpålagde frå 1.1. 2016. Det skal vere like godt eller betre enn innlegging på sjukehus.

– Kan vi seie at det er ein mellomting mellom eit legesenter og eit sjukehus?

– Det er ein måte å seie det på. Dette er ei reform som kjem ovanfrå, frå Staten. Tanken er å redusere talet liggedøgn på sjukehus for dei pasientane som ikkje treng vere der.

Frode Myklebust

OPNAR 23. FEBRUAR: Frode Myklebust blir legevaktsjef.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eit godt døme er eldre folk med kronisk lungesjukdom. Dei får ofte lungebetennelse, dei greier seg ikkje heime med berre å få tablettar, men vi veit at med litt penicillin intravenøst så kjem dei seg raskt. Og då treng dei ikkje ligge på sjukehus, dei kan kome til meg, vere nærare heimen og få ei behandling som er tilpassa dei.

Opning 23. februar

Kommunelegen i Lærdal, Frode Myklebust, blir legevaktsjef. Han fortel at inngangen og venteområdet blir felles med Lærdal sjukehus, der blir det ei luke der ein vender seg når ein skal til legevakta.

– Vi skal ha eit lite laboratorium der vi kan ta eit lite utval blodprøver sjølve. Det blir felles for legevakta og for sengeposten. No må vi få alt utstyret på plass til rett tid. Vi satsar på å kunne ta imot dei første pasientane 23. februar.

Ikkje alle er med på alt

Sjølv om det er sju kommunar som samarbeider om Sogn lokalmedisinske senter så er ikkje alle kommunane med på alt. Aurland, Lærdal og Årdal samarbeider om legevakt.

Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Aurland, Lærdal og Årdal samarbeider om legevaktsentral.

Leikanger, Aurland, Lærdal og Årdal samarbeider om øyeblikkeleg hjelp-sengene. Kostnadene er fordelte ut frå kva tenester kommunane er med på og litt ut frå innbyggjartalet.

Sogndal og Luster har valt å etablere sine eigne øyeblikkeleg hjelp-senger.