Hopp til innhold

700 lappar vart til fire juletreteppe

Ho har laga fire like juletreteppe av kjærleik til døtrene av 700 lappar totalt. Men ho håpar det er lenge til dei blir brukt.

Bodil Helene Øvretveit

FLOTTE TEPPE: Bodil Helene Øvretveit bad mannen ta eit bilete av juletreteppa.

Foto: Privat / NRK

Så lenge ungane feirar jul heime, så treng dei ikkje noko juletreteppe. Bodil arva mykje stoff etter svigermor si då ho døydde i 2006, og av dei stoffrestane sydde ho eit juletreteppe til familien. Men så fann ho ut at ho skulle lage til døtrene sine og.

Bodil Øvretveit

Bodil Øvretveit tykkjer lappeteknikk er kvilearbeid.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Den dagen ei av våre døtrer skal feire jul ein annan plass enn heime hos oss, kan ho – og berre hvis ho har lyst på det få med seg eit juletreteppe maken til vårt. Dei er sydd av stoff arva etter farmora til ungane som heiter Lillen, seier Bodil Helene Øvretveit.

SJÅ VIDEO NEDST I SAKA

Må alltid lage fire av kvar

Ho har fire døtrer og ofte kvir ho seg på å byrje med å lage ting til ungane. Då veit ho at ho må lage fire i slengen.

Mannen Ole Johannes Øvretveit seier at han ikkje visste om arbeidet.

– Eg visste jo at ho dreiv på med noko der oppe på syrommet, men lite ante eg at ho hadde gått over i fullformat, før ho kom og spurte om eg kunne hjelpe ho med å ta eit bilete.

Dottera Aurora har flytta ut, men har kome heim til jul.

Aurora Øvretveit

Dottera Aurora er imponert over mora

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

–Så fine mamma, du er heilt rå! Eg har jo sjølv sydd ein heil gryteklut i log cabin, så eg kan til ei viss grad relatere til arbeidsmengda dette inneber. Og så utruleg fine!

Teknikken ho har brukt er altså såkalla log cabin og på norsk tømmerkoie. Det er som om ein byggjer i lafta-teknikk, for den eine stoff-lappen held fast på den andre, og ein byggjer utover etter kvart.

Håpar dei vil ligge lenge på loftet

Log Cabin

Teknikken heiter Log Cabin. Her ser ein godt heste-stoffet ho har brukt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mykje av stoffet har ho arva etter svigermora. Det er utruleg mange arbeidstimar som har gått med på å setje dei saman. Men no byrjar det å minke på julestoffet etter å ha sydd saman 700 lappar totalt. Ho finn att mykje historie i kvar lapp.

– Eg er økonom, så eg samlar på alt restestoff.

Ho vil ikkje seie at arbeidet er vanskeleg. Ho driv og syr bunad, så dette har vore kvilearbeidet hennar når ho har vorte lei av bunadssyinga. Ho meiner det er enkelt syarbeid. To år har ho brukt på alle fire teppa, men då har ho sydd bunad innimellom.

– No ruller eg dei fire lappeteppa saman og legg dei på loftet. Eg håper dei får ligge i fred i mange år, seier ho.

Kanskje håpar ho på at teppa i lang tid vil ligge samanrulla på loftet.

Bodil Øvretveit har laga fire like juletreteppe av kjærleik til døtrene av 700 lappar totalt. Men ho håpar det er lenge til dei blir brukt. Dei skal nemleg få det med seg heimafrå når dei sjølv får seg juletre. Ho vil helst at dei feirar jul heime i mange år til.

VIDEO: Ingrid, Bodil og Aurora Øvretveit pakkar juletreteppa til loftet. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke