Hopp til innhold

Ho får Stord til å danse

Magdalena From Delis dansa på nokre av dei største scenene i Norden. No bur svensken i vesle Leirvik. Ho saknar pulsen i storbyane.

Ho er kjend som «Magdis» på Stord. Alle veit kven ho er. Ikkje så rart, for ho er involvert i mykje av kulturlivet i kommunen. Livet som dansar vart annleis enn ho trudde.

DANSAREN: – Dans er mitt språk, eg kjem aldri til å slutte, seier Magdalena From Delis.

– Eg saknar pulsen i storbyen. At ein ikkje stikk seg ut. At ikkje alle veit kva du gjer heile tida. Eg kan føle meg fanga her, men det er og mykje positivt med å bu her.

Magdalena From Delis

Magdalena From Delis er både regissør, koreograf og produsent.

Foto: Ole Andrè lagmandokk / NRK

Ho er kjend som «Magdis» på Stord. Alle veit kven ho er. Ikkje så rart, for ho er involvert i mykje av kulturlivet i kommunen. Livet som dansar vart annleis enn ho trudde.

Kom til Stord av kjærleik

– Eg kom med min første mann. Eg blei på grunn av min andre mann. No er det borna som held meg her. Stord er ein god og trygg plass å vekse opp.

Magdalena bur i ei lita leilegheit i Leirvik sentrum. Men ho er mykje i Kulturhuset eller i senteret ho har bygd opp og driv.

Nær bustaden ligg eit svært lokale med spegel på alle veggene. Dette har blitt eit livsverk for henne. Ho skildrar Spinae Company som eit stad for all slags kultur, ein draum ho ikkje visste ho hadde før det stod der.

Magdalena From Delis portrett

DANSERINNA: Magdalena From Delis har dansa på store scener i Norden.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Regissør, koreograf og produsent

Denne dagen kryr det av barn på Spinae. 85 personar er med på musikalen Annie, dei fleste barn. Magdalena er midt i songen, dansen og skodespelet.

Magdalena from Delis

INSTRUKTØR: I videoen øvst i saka kan får du møte dansaren Magdalena.

Foto: Ole Andrè Lagmandokk / NRK

– Eg er regissør, koreograf og produsent. Men eg er flink til å delegere, altså. Det er mange som har viktige roller her som klarer seg utan meg. Talent finst over alt.

Frå øvinga til Annie går Magdalena rett på jazzdans for vaksne og ballett for barn. Kultursenteret hennar er fullt av liv og i stadig vekst.

Sjela mi har godt av roen som er på Stord

Magdalena From Delis

Tiltrekt av storbyen

At Magdalena From Delis skulle ende opp i ein liten by på ei øy på Vestlandet i Noreg hadde ho aldri trudd. Men no har ho vore her i 9 år, og veit ikkje kva framtida byr på.

– Eg er tiltrekt av livet i storbyen. Av mogelegheitene som er der. Men sjela mi har godt av roa som er på Stord. Så kva skal eg gjere, smiler dansaren frå Sverige.