Ho delte ut fredsprisen til Obama. No syng Ågot Valle for å få språket tilbake

BERGEN (NRK): Dei har mista språket, men øver for fullt til julekonsert. Song kan hjelpa menneske med afasi, trur forskarar.

Yngve Sæterås og kona Ågot Valle

SONGFUGLAR: Afasiforbundet i Bergen har starta korøving for å hjelpa afasiråka med å utvikla språket. Ågot Valle deltar med mannen Yngve Seterås som støtte.

Kvardagen til ekteparet endra seg drastisk då Ågot Valle brått mista språket. – Håpet er at songen skal utvikla taleevna, seier ektemannen, skodespelaren Yngve Seterås.

– Du er jo ganske «tonerein». Berre få med deg teksten no, så går dette greitt, ertar Seterås.

Han og Valle er på korøving i Kulturhuset Danckert Krohn i Bergen. Dei er eit godt lag og ler mykje saman.

Men livet deira endra seg drastisk i 2011.

Valle var stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti i 12 år og sat både i den utvida utanrikskomiteen og i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Ho var medlem av Nobelkomiteen i seks år og var mellom anna med på å gi fredsprisen til Barack Obama.

Men karrieren tok ein brå slutt for åtte år sidan.

Kjempar mot afasi med song

– Alt blei forandra. Absolutt alt. Men ikkje nødvendigvis til det verre, seier Seterås.

I 2011 fekk kona Valle eit tre dagar langt slag. Dette var den utløysande årsaka til at ho no lir av tilstanden afasi.

Karrieren som stortingsrepresentant, fysioterapeut og plass i Nobelkomiteen var berre noko av det ho måtte gi opp.

Afasi er ikkje noko ein er født med, det kjem etter ein hjerneskade. For mange afasiråka er hjerneslag årsaka.

– Det å synga gjer ofte at orda kjem lettare fordi dei flyt automatisk på melodien, seier Ingjerd Haukeland.

Ingjerd Haukeland

LOGOPED: Ingjerd Haukeland har jobba som logoped, og har vitna effekten song har på afasiråka.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

Haukeland er styremedlem i lokallaget og pensjonert logoped. Med midlar frå Stiftelsen Dam har ho vore med å starta prøveprosjektet med korøving.

Songen skal utvikla språket til dei som har fått svekka språkevner som følge av afasi.

No er målet at Valle og koret hennar skal klara å halda julekonsert.

Korøving

ØVING: Det er tredje øving for det nystarta koret. Dei er rundt 18 medlemmar.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

– Syng betre enn eg snakkar

– Eg syng betre enn eg snakkar, fortel Valle, som er leiar i Afasiforbundet i Bergen og omland.

Haukeland forklarar det med eit døme om «Ja, vi elsker dette landet».

– Når me syng songen, hugsar me orda. Om me skal deklamera dei derimot, er det litt verre. Litt slik er det med afasi og song, seier Haukeland.

Nevrolog og professor Geir Olve Skeie seier at song kan hjelpa utviklinga av språket ikkje berre der og då, men òg på lang sikt.

Korøving

KLASSIKARAR: Ingjerd Haukeland seier song er spesielt effektivt når ein syng kjende songar. Derfor har dei vald klassikarar av Bjørn Eidsvåg og andre kjende artistar.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

– Ein kan sjå forandringar undervegs i hjernen, og at hjernen bygger opp visse strukturar. Song er for mange ein effektiv måte å trena opp språket på etter slag, seier han.

Han fortel at det tek tid å bygga opp igjen språket, men meiner det er svært positivt at afasiforbundet har starta kor.

Yngve Seterås og Ågot Valle

GODT HUMØR: For ekteparet Yngve Seterås og Ågot Valle er det viktig å ta vare på dei fine stundene. Humøret er på topp i kaffipausen under korøvinga.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Verdset dei små augeblikka

– Me har mange positive opplevingar slik me har det no, men livet blei veldig annleis. Språket forsvann, og Ågot er lam i eine sida, seier Seterås.

Han fortel at det er nok av utfordringar i kvardagen.

– Men me strør litt og saltar litt, så går det framover, seier Seterås.

Paret verdset dei små augeblikka saman.

– Og til julekonserten ventar me jo utselt hus, seier Seterås og ler saman med kona.

Fleire studiar viser at musikk òg har ein positiv effekt på personar med demens, som vist i videoen under.

Videoen viser effekten av musikk på eldre og barn, og en hjerneforsker beskriver hva musikk gjør med hjernen.

Videoen viser effekten av musikk på eldre og barn, og ein hjerneforskar beskriv kva musikk gjer med hjernen.