Hjorten skremmer skulebarn – no har bygda fått nok

Fire svære hjortar nektar å la seg jage vekk, og borna gruar seg for å gå på skulen. No vil kommunen ha jaktløyve.

Hjort i bustadområde

NÆRGÅANDE: Denne digre kronhjorten lagar kaos i Kalvåg.

Foto: Kjell Roger Larsen

– Både eg og fleire med meg kvir oss på å gå på tur, fordi her er så mange hjortar. Det er utriveleg å ha dyra rundt husveggane, seier Ann Britt Liseth Larsen.

Larsen bur i bygda Kalvåg i Bremanger kommune. Hjort har vore eit vanleg syn i området, men då eit godt stykke unna folk, og gjerne om kvelden eller grytidleg om morgonen.

No går dei inn i hagane midt på dagen, og blir meir og meir nærgåande. Ofte er det fleire dyr på same tid. Sjølv ei kristtornbusk i hagen har hjortane ete opp.

– Det er nesten ikkje ein dag utan at eg er ute og jagar hjort, fortel Larsen.

Borna er blitt redde

– I bustadområda er hjorten blitt så nærgåande at borna gruar seg for å gå på skulen, seier ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde (Ap).

Kommunen vil no søkje fellingsløyve for dei fire hjortane som har skapt oppstandelse blant innbyggjarane i Kalvåg.

Førde viser til at folk har prøvd å jage hjorten utan å lukkast. Viltforvaltaren i kommunen har nyleg hatt eit møte med bygdefolket.

– Då konkluderte ein med at dyra har fått gå der for lenge, og det blir vanskeleg å få dei til å flytte seg til ein annan plass, seier Førde.

Førde understrekar at avliving er siste utveg, men at dei no ynskjer eit ekstraordinært fellingsløyve.

Dropen i begeret er at skuleborn blir skremde av hjorten.

– Det skal ikkje vere enkelt å få løyve utanom sesong, men dette er gjort ut frå ei totalvurdering, seier Førde.

Hjort i Kalvåg

MEKTIG: Store kronhjortar er blitt husvarme i Kalvåg.

Foto: Kjell Roger Larsen

Enorm auke i talet på hjort her til lands

Sidan 1990-talet har hjortestammen nærast eksplodert fleire stadar. Og særleg på Vestlandet aukar tettleiken av hjort.

Dei store kulla er ikkje utan kostnadar, fortel Atle Mysterud, som er professor i biovitskap ved Universitetet i Oslo.

– Resultatet av eksplosjonsveksten er blant anna tynne dyr og store verditap for bønder, fortalde han til NRK nyleg.

Hjort på Svarstad i Bremanger

STOR AUKE: Hjortebestanden har nærast eksplodert sidan 1990-talet. Her er hjortar på Svarstad i Bremanger. Biletet er teke ifjor.

Foto: Elin Karin Hauge Frøyen

Fekk hjorten tett på

Leni Marie Lisæter er blant dei som har fått hjorten tett på når ho har gått tur med hunden sin.

– Folk skal ikkje måtte vere redde i Kalvåg sentrum, seier ho.

Hjort på vegen i Kalvåg

Hjort på vegen i Kalvåg

Kvar år blir det skote tusenvis av hjort under hjortejakta kring om i landet, men då om hausten. Lisæter støttar eit ekstraordinært fellingsløyve på dei nærgåande dyra i Kalvåg.

– Eg trur det er fornuftig seier ho.

Også Ann Britt Lisbeth Larsen håpar på ein sommar der ein ikkje møter på hjort når ein skal gå rundt hushjørnet i hagen.

Naboar fortel om at hjorten er nærmast husvarm.

– Du kan jage dei, men når du snur ryggen til er dei tilbake, seier Larsen.

Bremanger kommune har lagt ut denne plakaten. Kommunen vil ikkje skyte hjortane, men heller oppfordre folk til å jage dei.

FÅ HAN VEKK: I Kalvåg i Bremanger er det laga plakatar med oppfordring om å jage hjorten ut av bustadområda.

Foto: Bremanger kommune