Hjort skoten i park midt i Bergen
Det melder politiet. Torsdag morgon såg fleire vitne ein hjort i Bergen sentrum. Klokka 11 vart politiet varsla om at hjorten var i Nygårdsparken.
Då sende dei ein patrulje dit som observerte hjorten.
– Der er han avliva, seier Frode Kolltveit til BA klokka 12.26.
Politiet har hjelpt Viltnemda med å bera det døde dyret bort til bilen.
John Ivar Rosten jobbar med oppussing i nedre del av Nygårdsparken. Han såg hjorten kort tid før han blei skoten.
– Det var i 10.30-tida vi som jobbar her såg han. Då var han i fullt sprang på veg oppover i parken, seier Rosten til NRK.
Men ferda vart ikkje lang for hjorten etter dette. Ein time seinare vart dyret avliva.