Hopp til innhold

Rekordmange familiar ber om hjelp til vinterferien

STRYN (NRK): Berre halvparten av dei 10.000 familiane som ønskjer hjelp frå Røde Kors til å gi barna ei god ferieoppleving, får «ja».

Ferieopphald i regi av Røde Kors. Leirsjef Berit Flæthe Arntsen.

LEIK: Deltakarane får vere med på ulike aktivitetar under ferieopphaldet. Leirsjef Berit Flæthe Arntsen i blå vest.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Ferie er viktig for barna, seier Hamida takknemleg.

Tobarnsmora deltek på vinterferietilbodet for aller første gong. Saman med 8 andre familiar får dei boltre seg i vinterlege omgjevnadar på Nordfjord Fritidssenter i Stryn.

– Det er veldig kjekt her, seier dottera på seks år, som prøver å stå på ski for aller første gong.

470 barn og vaksne får hjelp - berre i vinterferien

Vinterferien er i full gong fleire stader i landet, og mange barnefamiliar har ikkje råd til å reise på feire.

Røde Kors tilbyr ferieopphald i alle skuleferiar. Tilbodet er for barnefamiliar som har hatt det vanskeleg økonomisk over lengre tid.

I år tilbyr dei 470 barn og vaksne ferieopphald i skulens vinterferiar. Det er til saman ti opphald rundt om i landet, eitt av dei i Stryn.

– I år har vi auka vinterferien med to ekstra opphald, og vi får med om lag hundre fleire deltakarar, seier Elisabeth Dahl Hansen som er seniorrådgjevar i Røde Kors.

Norges Røde Kors fekk inn over 10 000 søknadar til ferietilboda i fjor. Dei greidde å nå om lag halvparten av desse. Søkjarane blir plukka ut i samarbeid med Nav.

Treng fleire frivillige

Ho seier at den aukande pågangen til ferietilboda har ein samanheng med at fleire barn veks opp i familiar med vedvarande låginntekt.

– Dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå syner at 106 000 barn veks opp i familiar med vedvarande låginntekt. Dette er noko vi må ta på alvor.

Gjennom godt samarbeid med barne,- ungdoms – og familiedirektoratet og ved hjelp av frivillige kan Røde Kors tilby ferieopphald. Men for å møte den stadig aukande etterspurnaden treng dei enda fleire frivillige.

– Får vi fleire frivillige så greier vi å få med fleire barn på gratis ferieopphald, seier ho.

– Gode ferieopplevingar er noko alle barn fortener.

Stor pågang

– Det viktigaste er at alle barn får eit aktivitetstilbod som dei set pris på og at dei får gode minner frå ferien, seier Jan Sande.

For andre året på rad er han frivillig i vinterferien. Under opphaldet i Stryn får deltakarane blant anna prøve seg på ulike ski- og vinteraktivitetar.

I år blir ferieveka for første gong delt opp i to puljar på grunn av stor pågang og venteliste.

For å få plass til fleire deltakarar valde Sogn og Fjordane Røde Kors å dele opp opphaldet.

38 deltakarar er innom den første perioden, der 27 av dei er barn. På onsdag startar andre periode, og leirsjef Berit Flæthe Arntsen fortel at det kjem like mange deltakarar då.

– Vi har venteliste, og det er dessverre ikkje alle som får plass, seier ho.

Ferieopphald i regi av Røde Kors. Leirsjef Berit Flæthe Arntsen.

LEIK: Deltakarane får vere med på ulike aktivitetar under ferieopphaldet. Leirsjef Berit Flæthe Arntsen i blå vest.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Takknemleg

Etter to timar med ulike vinteraktivitetar skal deltakarane i Stryn snart ete lunsj. Den skal også nytast i friluft.

For fleire av deltakarane er det første gong dei er på vinterferie og første gong dei har ski på beina.

– Vi har aka og stått mykje på ski. Det er veldig kjekt her, fortel ein av deltakarane. Han gler seg til å fortelje venene sine heime om opphaldet han har hatt.

– Dette er eit veldig viktig tilbod, særleg for barna. Vi er veldig takknemlege, seier tobarnsmora Haregu.