Styreleiar, Ove Farsund, trur ikkje dei vil misse kundar på grunn av påbodet. Det som er viktig for dei er tryggleiken, seier Farsund.
Veit ikkje om andre
Tidlegare har ikkje Sunnfjord skisenter vore interessert i totalpåbod med hjelm. For tre år sidan innførte dei påbod for barn under 12 år. Men frå og med årets skisesong må alle som måtte ynskje seg ein tur i skibakken, i Blomlia i Førde, ta på seg hjelm - uansett alder. Styreleiar i Sunnfjord Skisenter AS, Ove Farsund seier han ikkje har høyrt om andre som har innført eit slikt påbod.
Ikkje lovpåbod
Frode Briksdal, dagleg leiar for Stryn Skisenter, meiner bruk av hjelm er opp til den enkelte. Men vi anbefaler sterkt at folk skal bruke hjelm, seier han. Per i dag er det ikkje nokon lovgiving i Norge som tilseier at man skal bruke hjelm, seier Briksdal.