Hopp til innhold

Hjelmeset vil bli trenar for landslagskvinnene

Glopparen Roar Hjelmeset er aktuell som landslagstrenar for dei norske langrennskvinnene.

Roar Hjelmeset

VIL TA TRENARANSVARET: Roar Hjelmeset er klar til å ta trenaransvaret for landslagskvinnene etter Egil Kristiansen. Men berre i eitt år.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har sagt eg har lyst å vere landslagstrenar eit år for kvinnene. Problemet er at dei leitar etter nokon som kan trene dei til og med OL i 2018, seier den utflytte glopparen og assistenttrenaren Roar Hjelmeset.

I 2008 vart Hjelmeset trenar for det norske juniorlandslaget i langrenn. Frå sommaren 2011 vart han trenar for det norske landslaget i kvinnesprint.

Lang erfaring med kvinnelaget

– Eg har vore med laget sidan 2011 og eg kjenner dei veldig godt. Vi har jobba tett mange år og eg har hatt litt ekstra ansvar for dei. Eg har reist på turar med dei åleine og kjent på det å vere sjef for dei, så eg trur ikkje det vil vere så mykje vanskelegare enn det eg har gjort tidlegare.

Hjelmeset er blitt spådd av NRKs ekspertkommentator Torgeir Bjørn til å vere ein av dei nærmaste til å ta over trenarjobben etter at Egil Kristiansen varsla at han trekkjer seg som trenar for kvinnelandslaget i langrenn.

Roar Hjelmeset sekunderer Martin Johnsrud Sundby

HAR LANG ERFARING: Roar Hjelmeset gav seg som langrennsløpar i 2005 og vart trenar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har fått bra tilbakemeldingar. Minus er at eg har sagt eg vil vere med berre eitt år. Det gjer at ting er litt vanskelegare.

Er motivert for å trene damene

Hjelmeset sin plan var å slutte dette året, men at han har tatt eit ekstraår fordi han har fått så mange oppmodingar frå damene han trenar om å fortsette.

– Dermed er det per no litt vanskeleg å sjå føre seg to år ekstra.

Han seier lysta og motivasjonen til å trene kvinnene er der.

– Det er dette eg likar best i heile verda. Det at dei eg jobbar med gir gode tilbakemeldingar, og seier dei ønskjer meg i jobben.

Men han meiner der ei tid for alt, også for det som er kjekt.

– Vi er inne i det sjette året, og ein eller annan gong er det nok. Nokre av damene har eg hatt sidan dei var juniorar. Så det går ei grense for kor lenge ein skal jobbe med dei same folka.

Kunne skrive kontrakt om to år

Sportssjef Vidar Løfshus har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar tysdag kveld, men kommenterte tidlegare i veka om assistenttrenar Roar Hjelmeset kunne vere aktuell på følgjande måte:

– Han ønsker kun ettårskontrakt, og vi skal ha trenere som skal være med fram til OL om to år.

Hjelmeset held på at det er eitt år han vil trene damene.

– Hadde eg skrive under på at eg vil jobbe i to år, så hadde alt vore i orden. Men det har eg ikkje gjort. Men dei må då sikre seg at dei har nokon som kan jobbe i to år. Eg gidd ikkje jobbe saman med nokon eg ikkje har sansen for.

– Så du er heilt fastlåst på at du ikkje vil vere meir enn eitt år?

– Det er sånn per no.