Hopp til innhold

Hjelle: - Eg beklagar til alle

Ein tydeleg prega Helge Hjelle snakka frå talarstolen i oppvaskmøtet i Vågsøy.

Helge Hjelle
Foto: Cosmin Cosma/NRK

Sjå sendinga direkte frå møtet: Kommunestyremøte fra Måløy

- Som prosjektleiar beklagar eg overfor kommunestyret at vi har påført kommunen denne smellen. Eg beklager overfor kommunen sine innbyggjarar at eg har vore med å lage den økonomiske smellen som vi no er oppe i, sa Helge Hjelle.

Beklaga til alle

Det var ei svært spent stemning før og under kommunestyremøtet i Vågsøy i dag.

Etter at forvaltningsrevisjonsrapporten om Tall Ships Races var lagt fram, opna ordførar Roger B. Silden for dei mange innsendte spørsmåla til arrangementsleiinga.

Det første spørsmålet gjekk til Helge Hjelle. Han venta først med å svare - og opna i staden med å beklage seg overfor alle i Vågsøy.

- Det var eit så godt arrangement og ein stor innsats, og vi fortente faktisk ikkje dette, sa prosjektleiaren med skjelvande røyst.

Lova å ta ansvar

Heile kommunestyremøtet er lagt opp som ein oppvask etter Tall Ships Races-skandalen, der kommunen no sit att med eit underskot på 15 millionar.

Det er første gongen Helge Hjelle snakkar ut etter at dei knallraude tala vart kjende.

- Eg beklagar også overfor dei som var medhjelparar. Eg føler ein kraftig smerte over det som har skjedd, heldt Hjelle fram.

Hjelle understreka at perioden etter at resultatet vart kjendt ikkje har vore lett for han som prosjektleiar. Han lova også å ta sin del av ansvaret.