Desse skulane søkjer flest elevar seg til

Øyrane er den vidaregåande skulen i fylket som flest søkjer seg til i forhold til talet på elevplassar.

Øyrane vidaregåande skule i Førde

FLEST SØKJARAR: Øyrane vidaregåande kjem best ut på lista over søkjartal samanlikna med elevplassar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Samstundes er Eid vidaregåande skule den som nest flest har søkt seg til.

Tysdag kom søkjartala til dei vidaregåande skulane. Dei aller fleste som har søkt seg til vidaregåande opplæring i fylket, har fått tilbod om å starte til hausten.

Størst skilnad mellom talet på søkjarar og elevplassar er det på Mo og Jølster og i Stryn.

Jobbar hardt for kvalitet

Liv Horvei, rektor ved Øyrane vidaregåande skule

IKKJE OVERRASKA: Rektor ved Øyrane vidaregåande skule, Liv Horvei, seier skulen har jobba hardt for å bli attraktive.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Rektor Liv Horvei ved skulen er nøgd med resultatet, og trur det er hardt arbeid som gjer at dei er så attraktive.

– Vi jobbar med kvalitet heile tida frå den minste detalj. Vi jobbar med kvalitet i forhold til faga, og med kvalitet i forhold til relasjonar. Når du skal lære er det viktig at relasjonane er på plass mellom lærarar og elevar, og at elevane trivst. Og vi har gode lærarar som gjer ein utruleg god jobb kvar einaste dag på skulen vår, seier ho.

– Så du er ikkje overraska over tala?

– Nei, vi er knallgode vi, veit du. Vi jobbar knallbra heile tida for å bli ein god skule for elevane våre, og for næringslivet for at dei skal få den kompetansen som dei etterspør. Det er difor vi er der, seier Horvei.

Desse scorar dårlegast

Nedst på lista over samla søkjartal for skulane samanlikna med talet på studieplassar, kjem Mo og Jølster vidaregåande med 75 prosent oppfylling av elevplassane. Stryn scorar nest lågast med 86 prosent.

Prosenten er rekna ut på er gjennom å sjå på samla søkjartal for skulen samanlikna med talet på studieplassar.

Administrativ leiar Randi Bjørset ved Stryn Vidaregåande skule seier at dei ser på søkjartala at det er stor pågang og ventelister på 1. klasse-kursa deira, og at ungdom i Hornindal og Stryn søkjer seg til Stryn vidaregåande skule.

88 prosent fekk førstevalet

Til saman 4638 har søkt om vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane skuleåret 2013–14. 3691 søkjarar får tilbod om å starte på det utdanningsprogrammet dei hadde øvst på lista si, når skuleåret tek til i august.

Det betyr at 88 prosent av dei som har søkt skuleplass, har kome inn på førstevalet sitt.

178 søkjarar med rett til vidaregåande opplæring står utan tilbod etter første runde.