Hopp til innhold

Godtek ikkje 15.000 kroner i bot for sexkjøp

For første gong må ein mann frå Sogn og Fjordane møte i retten for sexkjøp i fylket. – Mannen vart pågripen etter konkrete tips om sal av sex på eit hotell i Førde, seier politifullmektig Katrine Trønsdal.

Fjordane tingrett

FØRSTE SAK: For første gang i Sogn og Fjordane endar ei sak om sexkjøp i rettssystemet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var i mars i fjor at politiet aksjonerte mot eit av hotella i Førde.

Her meiner politiet at mannen i 30-åra kjøpte seksuell omgang med ei namngjeva kvinne av austeuropeisk opphav.

Katrine Trønsdal

AKTOR: Politifullmektig Katrine Trønsdal aktorerer saka mot mannen i 30-åra.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Politiet aksjonerte etter konkrete tips om kjøp av sex på eit hotell. I tillegg kom det fram på nettsider at prostituerte oppheldt seg i Førde på tidspunktet, seier politifullmektig Katrine Trønsdal ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Hevdar si uskuld

Av omsyn til rettsforhandlinga neste tysdag, ynskjer ikkje Trønsdal å gå i detalj i saka. Men ho opplyser at det vil bli ført eitt vitne i saka.

Medan dei fleste som blir tekne for å kjøpe seksuelle tenester godtek førelegga, hevdar mannen i 30-åra si uskuld og blir den første i fylket som får prøvd saka for rettssystemet.

Dersom mannen blir funnen skuldig, aukar førelegget til 18.000 kroner, subsidiert 36 dagar i fengsel. Han vil også kunne bli kravd for sakskostnader.

– Vedkommande vart etter avhøyr gjeven eit førelegg på 15.000 kroner. Førelegget er ikkje vedteke og difor kjem saka no opp for retten, seier Trønsdal.

Får fleire tips

Det går for tida ein debatt kring sexkjøpslova frå 2009. Måndag vart ein 200 sider lang uavhengig rapport om effekten av lova, lagt fram for Justis- og beredskapsdepartementet.

Jan Egil Tvinde

LENSMANN: Regionlensmann Jan Egil Tvinde seier dei frå tid til annan får tips frå folk som mistenkjer kjøp og sal av sex i Sunnfjord.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Rapporten viser at lova har redusert omfanget av prostitusjon med 20–25 prosent.

Etter innføringa av sexkjøpslova i 2009 merka distrikta auka pågang frå eskortejenter . Politiet oppmoda hotell og overnattingsstader om å vere merksame.

– Vi får med ujamne mellomrom tips frå overnattingsstader i Førde og Florø, om mistanke til at det kan gå føre seg slik aktivitet, seier regionlensmann i Sunnfjord, Jan Egil Tvinde.

Viser vekk

– Har vi tid til å prioritere det, så sjekkar vi ut tipsa og oppsøkjer overnattingsstadene. Seinast for vel to veker sidan viste vi vekk ei kvinne frå eit hotell i Sunnfjord, legg lensmannen til.

Den første bøtelegginga i Sogn og Fjordane fann stad først i 2011. Då fekk ein mann 25.000 kroner i bot for å ha kjøpt sex to gonger over seks veker.

Sidan er ytterlegare tre menn bøtelagde. Med unntak av mannen som i neste veke må møte i retten, har alle godteke førelegga.