Hopp til innhold

Historisk samarbeid om sjukehus

I dag fann ei nærast historisk einigheit om sjukehusa i Sogn og Fjordane stad. Tidlegare motstandarar står skulder ved skulder for å få meir pengar til sjukehusa i Nordfjordeid, Førde og Lærdal.

Politiske toppar i Sogn og Fjordane

SKULDER VED SKULDER: Ordførarane i Sogn og Fjordane står samla bak kravet om meir pengar til sjukehusa i Sogn og Fjordane. F.v.: Alfred Bjørlo (ordførar i Eid kommune), Jenny Følling (fylkesvaraordførar), Olve Grotle (ordførar i Førde kommune), Åshild Kjelsnes (fylkesordførar), Olav Lunden (ordførar i Leikanger kommune).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg trur folk har innsett at omkampar er skadelege. No handlar det om å skaffe nok pengar til å drive eit sterkt sentralsjukehus, og gode lokalsjukehus. Det innser vi alle, og er vi ikkje samla, vil fylket tape, seier leiar i KS i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), på ein pressekonferanse i Førde i dag.

Bakgrunnen er at Helse Førde har hatt kronisk raude tal dei siste åra. I år vil underskotet blir 40 millionar kroner.

Etter eit initiativ frå ordføren i Førde, Olve Grotle (H), har alle dei 26 kommunane i fylket gått saman om eit felles krav til Helse Vest.

– Bakgrunnen er at Helse Vest no går i gang med å endre inntektssystema i helseføretaka. Då meiner vi tida er inne for at Helse Førde får ein leveleg økonomi, og at folk i fylket får spesialtilboda dei har krav på, påpeiker Førde-ordførar Olve Grotle (H).

(Saka held fram under bildet.)

Olve Grotle, ordførar i Førde kommune

ENDELEG EINIG: Førde-ordførar Olve Grotle, og ordførarane i dei resterande 25 kommunane i fylket, er endeleg einige om noko i sjukehusdebatten.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Alfred Bjørlo

KJEMPAR FOR MEIR PENGAR: Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ein ny vår

Bakgrunnen for den uvanlege forbrødringa er at Helse Vest vil fordela sjukehuskronene mellom helseføretaka på Vestlandet på ein meir rettferdig måte.

15. mai skal helseregionen leggje fram eit forslag om kor mykje Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen – og Helse Førde – skal få av dei 20 milliardar kronene som Helse Vest rår over.

Dei siste par åra har Vestlandet stått i full fyr, men lokalsjukehusforkjemparane må i dag sjå at både fødeavdelingar og ortopeditilbod blir lagde ned.

Ordførarane har erkjent at i staden for å krangle innbyrdes må dei retta skytset oppover i helsesystemet for å få meir pengar.

– No står vi samla. Eg synest å sjå ein ny vår, og den helsar eg velkommen. Dette må vi utnytta. Ut ifrå min ståstad, har eg ikkje observert noko slikt på lenge, men eg trur det er på tide, seier Grotle.

Energi-tappande strid

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), var ein av dei mest kompromisslause forkjemparane for lokalsjukehusa i valkampen i fjor. I dag var tonen meir sjølvransakande.

– Det er ei felleserkjenning i heilt fylket at dei interne stridane har tatt så mykje energi, at ein kanskje har gløymt ting.

– Éin ting er kor stort kakestykke ein sjølv skal ha, men meir interessant er kor stor den samla kaka ein skal forsyne seg av er, seier Bjørlo.

Åshild Kjelsnes

MEINER DISKUSJON HAR VORE NØDVENDIG: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner diskusjon og krangel har vore nødvendig for å bli einige.

Foto: NRK

Politikarane har eit ansvar

Ein viktig grunn til nedbygginga av lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane er eit kronisk underskot i Helse Førde.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner også politikarane må stå til rette for kvifor ein ikkje før har makta å stå skulder ved skulder i kampen om meir pengar.

– Det kviler eit ansvar på veldig mange oppe i dette. Samtidig skal ein ha respekt for at denne striden er noko som vedkjem kvar enkelt innbyggjar.

– Det er snakk om kjensler og mykje engasjement. Det har vore nødvendig å gå desse stega vi har gått, for å kome dit vi er i dag. No er det viktig å sjå framover og bruke den plattforma vi no har fått felles for å jobbe for fylket sitt beste, avsluttar Kjelsnes.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.