Hopp til innhold

Har aldri registrert så få rømlingar i norske vassdrag

Aldri før har det svømt mindre rømt oppdrettslaks i norske elvar. Havbruksnæringa forklarar det med langsiktig og målretta arbeid.

Færre oppdrettsfisk rømmer enn før.

BETRING: Det er mindre rømt oppdrettslaks i norske elvar enn nokon gong.

Foto: NRK

Rømd oppdrettslaks er ei stor utfordring for villfisken, som vert «tilsmussa» av genar dei ikkje bør ha.

No ser det ut til å gå rette vegen.

– Innslaget av rømd oppdrettslaks i elvane er historisk låge, seier Ingrid Lundamo.

Ho er styreleiar i Oppdrettsnæringens sammenslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk (Ouro).

Ouro sine tal baserer seg på overvakingsdata frå 2022.

Små endringar dei siste åra

Vestland og Nordland er fylka med mest rømt oppdrettslaks.

I Vestland var det i 2022 fire elver med høgt innslag, åtte elver med middels innslag, og 34 elver med lågt innslag av rømt oppdrettslaks.

I løpet av hausten blir det gjennomført ei ny overvaking i norske vassdrag.

Les også Jakter med harpun og garn på rømd oppdrettsfisk

Fangar rømd laks med garn og harpun

Prosjektleiar for overvakingsprogrammet for rømt oppdrettslaks, Vidar Wennevik hos Havforskingsinstituttet, nyanserer biletet noko.

– Førekomsten av rømt oppdrettslaks i vassdraga dei siste åra er lågare enn før, men det er framleis vassdrag i fleire regionar som har høgare innslag av oppdrettslaks, seier han.

Stabile rømmingstal

Kor mykje rømt oppdrettsfisk som er i norske elvar, har samanheng med rømmingstala. Dette varierer frå år til år og region til region.

Gjennomsnittlege rømmingstal i åra 2014–2019 var 147.000 fisk. Siste åra har talet lege på 55.000 fisk.

kart som syner kor det er rømt oppdrettslaks

Dei grøne sirklane syner kor det er mindre enn fire prosent med rømt oppdrettslaks. Dei gule sirklane syner over fire prosent, medan dei raude syner kvar det er meir enn ti prosent.

På landsbasis har det vore ein fallande tendens i talet oppdrettslaks, men endringane har vore små sidan 2017, skriv kommunikasjonsrådgjevar Nadia Jdaini.

Varierer frå år til år

Med stabile rømmingstal siste åra, er det uvisst kvifor innsiget til elvane er dalande.

Effektiv gjenfangst kan vere ei årsak.

– Auka fokus i havbruksnæringa og hos regulerande styresmakter på å unngå rømmingshendingar, har sikkert medverka. Teknologisk utvikling og strengare regelverk for anlegga er nok også ei viktig årsak, seier Wennevik.

– Godt og langsiktig arbeid

Kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg, Øyvind André Haram, meiner årsaka til at tala peiker rett veg, er langsiktig og målretta arbeid i heile næringa.

Øyvind Andre Haram

– Dette syner at vi kan få det til, seier Øyvind André Haram, kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg.

Foto: Sjømat Norge

Han peikar på godt samarbeid med myndigheitene og at næringa har fått på plass eit apparat for å hindre rømmingar.

– Og om det skjer eit uhell, så skal det vere tiltak som gjer at ein kan ta fisken ut frå elvene, og det har vi på plass, seier Haram.

Sjølv om tala er lågare enn på lenge, er det behov for å ta ut rømt oppdrettslaks. I år har Ouro valt ut 38 elvar som dei skal fjerne rømt fisk frå. 14 av desse ligg i Vestland.