Hopp til innhold

Heldt «historisk» konsert: – Vil ikkje bli berre sett som ein svart musikar

Isata Kanneh-Mason spelte på Troldhaugen under Festspillene i Bergen. Pianisten ser fram til at hudfarge ikkje lenger er eit tema innan klassiskfeltet.

Isata Kanneh-Mason

FLYGELET TIL GRIEG: Spesielt å spele Grieg sin musikk på hans eige flygel.

Foto: Thor Brødreskift

Vi sit tett rundt flygelet frå 1892 når Isata Kanneh-Mason gjer entré i Grieg sin villa i Bergen.

Kanneh-Mason er svært ettertrakta både som solist og kammermusikar.

Ho tok imot Leonard Bernstein Award i fjor, det tyske magasinet Opus Klassisk sin pris til beste unge musikar i 2020.

Når ho gjer seg merka i det klassiske musikkfeltet, vekkjer det også oppsikt at ho er svart.

Kvit er framleis hudfargen som dominerer klassiske, vestlege konsertsalar, både på podiet og i publikum.

Kuratorane på Troldhaugen kjenner ikkje til at nokon svart pianist har spelt konsert på Grieg sitt flygel før.

Isata Kanneh-Mason på Troldhaugen

MUSIKALSK FAMILIE: Isata Kanneh-Mason er oppvaksen i London og Nottingham. Ho er eldst i ein søskenflokk på sju, der alle er musikarar.

Foto: Marion Hestholm / NRK

Påtvungen identitet

– Kva trur du hindrar svarte i å bli ein del av dette musikkfeltet, unge svarte som er fødde og oppvaksne i Storbritannia som du?

– Eg trur dei kjenner at dei får ein identitet tredd nedover hovudet sitt. Viss du tilhøyrer ein minoritet, for eksempel som svart innan klassisk musikk, så vil du helst bli sett som ein musikar og ikkje berre som «svart musikar».

Eg innser at det er det som skjer no når eg stiller deg slike spørsmål. Eg ville jo ikkje stilt eit slikt spørsmål til ein middelaldrande kvit mann ...

Isata ler.

–Nei, men eg er glad du spurte, det gir meg høvet til å seie desse tinga, seier ho.

Vil avleie spørsmål om identitet

– Er det irriterande å få spørsmål som ikkje handlar om musikken og spelet ditt, men om deg som «fenomen»?

– Eg prøver vel å avleie slike spørsmål. Eg vil jo at det skal handle om meg og musikken, og alt utanfor det er vanskeleg å forhalde seg til. Måten andre ser meg på, og diskusjonar rundt min identitet er ikkje noko eg kan relatere til, seier ho.

– Når eg intervjuar kvinnelege komponistar seier dei ofte at dei kjenner at dei må vere betre enn andre, fordi dei «representerer» ei gruppe. Kan du kjenne igjen dette?

–Ja, kvinnelege komponistar føretrekkjer sikkert også å sjå på seg sjølve berre som komponistar. Mitt håp er jo at det skal bli mange nok svarte utøvarar og mange nok kvinnelege komponistar, slik at ein ikkje treng å gjere noko poeng av det.

Isata Kanneh-Mason

FØRSTE GONG I BERGEN: Noko av det eg verkeleg likar med å vere musikar, er å besøke nye stader. Eg ville kanskje ikkje komme hit til Bergen om eg ikkje var på turné.

Foto: Marion Hestholm / NRK

– Trengst fleire finansieringsordningar

Kanneh-Mason meiner klasse har vel så mykje å seie som rase når ein ser på kven som spelar klassisk musikk.

– Strykeinstrument er til dømes svært dyre, så det burde finnast fleire finansieringsordningar for dei som kjem frå låginntektsfamiliar. Tidlegare fekk ein gratis speletimar på britiske skular, det er uaktuelt no. Den sittande britiske regjeringa ser ikkje på musikk som noko viktig.

Isata Kanneh-Mason

NYTT REPERTOAR: Kanneh-Mason likar dei lange periodane der ho kan innstudere nytt repertoar. Ho kan ikkje forstille seg eit liv utan musikk.

Foto: Marion Hestholm / NRK

Komponerte som tiåring

Isata begynte å spele piano som seksåring og viste straks særskilt talent og iver.

Mor hennar, Kadiatu Kanneh-Mason, har sagt at dottera trong musikken.

Ho var svært skuleflink og tankane flaug fort, men musikken gav henne både tryggleik og utlaup for kreativ intelligens.

Ho improviserte masse og komponerte ein eigen klaverkonsert som tiåring, som ho fekk spele med orkester.

Isata Kanneh-Mason spiller på Troldhaugen under Festspillene i Bergen 2022.

FAVORITT: Sofia Gubaidulinas Chaconne er Kanneh-Masons favoritt. Stykket krev kraftfullt spel, og Grieg sitt flygel frå 1892 held god standard framleis.

Foto: Thor Brødreskift

– Får du utlaup for all kreativiteten din som klassisk pianist, eller vurderer du også å komponere meir?

–Eg komponerer framleis, men berre for meg sjølv. Då eg var yngre elska eg det, men no har eg ikkje så mykje tid.

Ho får likevel utlaup for kreativiteten når ho spelar.

– Den klassiske musikken er så rik på detaljar, og har ein emosjonell djupne som eg ikkje finn i nokon annan sjanger, seier ho.

Nytt repertoar

Stova til Edvard og Nina Grieg er fullstappa med publikum.

Grieg-paret fraus her på sure vinterkveldar, men denne fine junikvelden blir det meir enn varmt nok.

Isata imponerer festspelpublikummet.

Etter det siste stykket på programmet, Grieg sitt lyriske stykke «Notturno», vert ho klappa fram til eit ekstranummer. Gershwins fengande Preludium nr. 1.

– Korleis var flygelet?

– Det var godt! Sjølvsagt veldig gammalt, men det var lett å spele på. Og det var ei veldig spesiell kjensle å spele Grieg sin Notturno på hans eige flygel, seier ho.

Isata Kanneh-Mason på veg ut av villaen på Troldhaugen

NYTT REPERTOAR: Konserten på Troldhaugen var den siste konserten Kanneh-Mason spelar med dette repertoaret, no dykkar ho ned i nytt repertoar, musikk av Dohnanyi, Prokofjev og Fanny Mendelssohn.

Foto: Marion Hestholm / NRK

Her kan du høyre konserten til Isata Kanneh-Mason og her kan du lese meldinga av konserten.