Hopp til innhold

Historisk høgtrykk gir flott vêr i Sør-Noreg

Denne helga kan det verte eksepsjonelt høgt luftrykk i Sør-Noreg. Det melder Meteorologisk institutt. Dermed lovar det godt for helgevêret.

Høgtrykk i Sør-Noreg
Foto: Meteorologisk institutt

Dei første prognosane tyda på eitt luftrykk på 1050 hektopascal (hPa) som er måleininga for lufttrykk,

– No er prognosen justert litt ned til 1048 hPa, men det er framleis høgt, seier vakthavande meteorolog Susana Reuder.

Det er spesielle atmosfæriske som gjer at vi akkurat no ser til å kunne oppleve eit historisk høgt lufttrykk i Sør-Noreg. Berre ein gong er det målt over 1050 hPa dei siste 20 åra i Sør-Noreg. Det høgste luftrykket som er målt i Oslo (Blindern) var i november 1985 og var på 1054,1 hPa

For oss vanlege dødelege er høgt lufttrykk einstydande med fint vêr.

– Dette er veldig gode nyheiter. Det vert stort sett pent vêr heile helga. Kanskje litt skyer på føremiddag laurdag. Det vert mildt og temperaturar på kring 10 grader og kanskje også høgare enkelte stader, seier Reuder.

Men lågtrykket som gir godvêr i sør, fører til lågtrykk og fare for ekstremvêr i nord.

Snur i midten av neste veke

På måndag ser det ut til at de dannar seg ein liten virvel i Nordsjøen, men Reuder trur det fine vêret likevel vil halde seg fram mot onsdag.

– Då byrjar høgtrykket sakte å bevege seg, og det kjem lågtrykka mot vest i og innover fastlandet. Dei nøyaktige tidspunkta for når dette skjer er framleis litt usikkert.

– Så då gjeld for folk å kome seg ut å nyte godvêret no i helga?

– Ja, absolutt.