Hopp til innhold

Historisk gull til Tarjei Bø

Rundt 80 stryningar i Stryn kulturhus jubla for OL-gullet i går kveld.

Tarjei Bø
Foto: Scanpix

Stolte over innsatsen

Og dei hadde all grunn til å vere stolte over innsatsen til Tarjei Bø. For det var han som gjekk laget opp i teten, og der vart dei resten av stafetten.

– Må sipe litt kvar gong

Leiar Eldbjørg Hatledal i Markane Idrettslag var svært spent før rennet. – Det er ein stor og spennande kveld. Det er heilt fantastisk å sjå Tarjei på TV, spesielt når dei seier at han er frå Markane. Eg må sipe litt kvar gong.

– Uansett resultat er det heilt utruleg fantastisk at han får gå OL-stafetten.

I tog gjennom sentrum

Jubel for Tarjei Bø i Stryn kulturhus

Jubel for Tarjei Bø i Stryn kulturhus

Foto: MMS-foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det var Markane IL og Stryn kommune som arrangerte OL-festen i kulturhuset. Dei spanderte kaffi og svele på dei som møtte fram, og før dei benka seg gjekk dei i tog med flagg gjennom Stryn sentrum.

I kulturhuset fekk dei sjå stafetten i storformat på kinolerretet. Der fekk dei sjå at Halvard Hanevold veksla som nummer sju, 8,1 sekund bak teten, og sende 21-åringen frå Stryn ut på andre etappe. Tarjei Bø var kjapt oppe i tetgruppa.

To ekstraskot og rett i tet

Tarjei Bø

Tarjei Bø.

Foto: Tobias Röstlund / Scanpix

På første skytinga måtte Tarjei Bø bruke eit ekstraskot, men han gjekk likevel ut berre 7,5 sekund bak teten, på sjetteplass. På ståandeskytinga vart det og eit ekstraskot, men Tarjei gjekk likevel ut som nummer to, vel åtte sekund bak Russland. Det tok han fort inn og gjekk forbi og tok teten. Ved veksling var han over fem sekund føre nummer to, Austerrike.

– Eg er så stolt

Onkelen til Tarjei Bø, NRK-reporter Harald Thingnes, vart intervjua ute i løypa, og han var ein mildt sagt kry onkel:

Eg er så stolt, så fantastisk stolt. Eg har aldri sett maken til sportsøyeblikk som då Tarjei gjekk frå konkurrentane. Det er større enn då Norge slo Brasil og då Førde slo Florø.

– Sterk på sisterunden

Tarjei Bø sjølv fortalde etter etappen sin at han kjende seg sterk på sisterunden og at han fekk teke ut alt han hadde.

Emil Hegle Svendsen tok vare på leiinga, og på sisteetappen slo kongen sjølv, Ole Einar Bjørndalen knock out på konkurrentane på den siste skytinga. Dermed vart det ein parademarsj inn til mål.

Historisk

Gullet til Tarjei Bø er ikkje den første OL-medaljen i gull til Sogn og Fjordane. Under Special Olympics World Winter Games i Idaho i fjor tok Ivar Ulvedal - også han frå Stryn - både gull og sølv.

Margunn Humlestøl Haugenes frå Eikefjord tok OL-gull med det norske kvinnelandslaget i fotball i Sydney i 2000

Likevel er gullet til Tarjei Bø eit historisk gull, sidan det det første gullet til Sogn og Fjordane i ein "ordinære" vinter-olympiade.

Les og Tarjei Bø går for gull .