Hopp til innhold

Hilde Sandvik: – Bergen treng BT

Kultur- og debattredaktøren forlèt eit Bergens Tidende i krise. No vil ho bygga bruer mellom dei nordiske landa.

Hilde Sandvik hadde sin siste dag i BT på på fredag.

VIDEO: Sjå heile intervjuet med Hilde Sandvik frå Vestlandsrevyen på fredag.

Sandvik har vore kultur- og debattredaktør i BT i 10 år, og har vore eit av avisa sine tydlegaste ansikt på utsida.

På fredag hadde ho sin siste offisielle arbeidsdag i Krinkelkroken.

– Det var veldig rart. På mange måtar er BT min identitet. Eg hadde ein ganske nomen følelse i kroppen når eg gjekk ut der ifrå.

Kvifor har du valt å sei ifrå deg den talarstolen som BT er for deg?

– Eg har vore redaktør i 10 år, eg meiner ingen bør vera redaktør lenger enn det.

– Eg synest BT er ein fantastisk arbeidsplass, men på eit eller anna tidspunkt er det andre som må inn å jobba vidare. Og så har eg lyst til å skapa noko eige.

Nye perspektiv

No ønsker Sandvik å utvida debattarenaen med ein nordisk nettplattform.

Plattforma med namnet «Broen» håpar ho skal få fleire til å bli interessert i det som skjer i nabolanda.

– Med dei utfordringane me står overfor i Europa og i nabolanda våre, så bør me veta langt meir om kvarandre enn det me gjer.

Sjølv har ho alltid vore opptatt det som skjer utanfor dei norske landegrensene.

– Eg har vore ein skandinavia-nerd sidan eg var liten. Eg har lest dansk og svensk presse lenge. Eg blir ofte overraska over kor lite me veit om kvarandre.

Men ho meiner at Skavlan har byrja å bryta ned lydmuren.

– No vert «Skavlan» også sendt på Politiken-TV i Danmark, eg trur det har mykje å sei for at ein snakkar om dei same tinga.

– Ser Bergen med nasjonale auge

Avisa ho har vore redaktør i er inne i tunge tider, og 10 journalistar har fått valet mellom oppseiing eller sluttpakke. Sandvik meiner Bergen treng eit sterkt BT.

– Eg er meir uroa for framtida til Bergen utan eit sterkt Bergens Tidende. Det er ei av dei få avisene som har klart å sjå Bergen med eit nasjonalt blikk, og nasjonen med eit bergensk blikk. Det er sentralt for at byen skal ha relevans.

Då må ein ha eit sterkt mediehus, meiner ho.

– Avisa har nokon av dei beste journalistane

– Det trur eg bergensarane innser den dagen BT blir alvorleg svekka. Og det er svært vanskelege tider for augneblinken.

Mange er uroa for kvaliteten på journalistikken. Er det grunn til det?

– Ja, eg er uroa. Men framleis er det fantastisk mange dyktige folk i BT. Avisa har nokon av landets desidert dyktigaste journalistar, kommentatorar og sjefar i eit nydeleg arbeidsmiljø.

Og Sandvik forsvinn ikkje frå avisa heilt endå. Ho skal halda fram som gjesteskribent fram mot sommaren.