Hopp til innhold

Hevdar dei såg ulv i Stryn

To personar skal i dag ha sett det dei meiner er ulv i Stryn. – Ikkje overraskande, seier rovviltkontakt som trur det kan vere eit streifdyr.

Ulv

ER DEN KOMEN? To personar hevdar dei såg ulv i Stryn måndag morgon. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Per Løchen / Scanpix

Dei to som såg dyret er ikkje i tvil om at det var ulv dei såg, skriv Fjordingen. Avisa fortel om to heilt uavhengige observasjonar på to forskjellige plassar.

Ein av dei som såg det han meiner er ein ulv er Ove Andre Aarskog. Han kom køyrande då han såg eit heller uvanleg dyr i Svarstadsvingane.

– Den luska fint over vegen. Litt ned med snuten, rumpa rett ned, og den var loden og litt gråbrun, fortel han til NRK.no.

– Er du sikker på at det var ein ulv og ikkje berre ein schæfer til dømes?

– Det er eg heilt sikker på. Den var større, og kraftigare bygd, seier han vidare.

Då ulven herja i nabofylka Hedmark og Oppland i sommar, gav lokale bønder i Sogn og Fjordane uttrykk for stor uro. Fylkesleiaren i Bonde- og småbrukarlaget sa til NRK.no i juli at han frykta det ville kome ulv til fylket allereie i sommar.

– Eg fekk ein liten støkk i meg

Aarskog var på veg til eit møte på Eid då han såg dyret i Svarstadsvingane. Sjølv visste han ikkje kva han skulle tru då han såg dyret komme over vegen framfor han. Men han er no heilt sikker på at det var ein ulv.

– Eg kan tenkje meg eg var 50 til 100 meter frå den. Den rusla over vegen framfor meg. Eg fekk ein liten støkk i meg, eg sat stilt og fredeleg i bilen.

– Var det ein hjortekalv, eller kva var det. Det var mange tankar som svirra i hovudet mitt akkurat då, seier han om den spesielle opplevinga.

Trudde først det var hjort

Aarskog rakk aldri å ta bilete av ulven. Det gjorde heller ikkje Joakim Skålerud som også såg det han er sikker på var ulv. Han var på veg frå Eid til Stryn i bil då han vart merksam på eit dyr i vegbana i området ved Langesethøgda.

– Eg såg plutseleg eit dyr som gjekk langs kvitestripa. Først trudde eg det var ein hjort, men så såg eg at det var mindre enn ein hjort.

– Så måtte eg stogge bilen for det gjekk ut i vegen, og då såg eg at det var ein ulv, seier han.

– Den var kvit, gråbrun, og litt kraftigare bygd enn ein hund, seier han.

Forstår at folk er skeptiske

Joakim Skålerud

ULV: Joakim Skålerud er heilt sikker på at det var ein ulv han såg i Svarstadsvingane måndag morgon.

Foto: Privat

Heller ikkje han trur det kan ha vore ein schæfer eller ein annan hund han har sett.

– Nei, det var ein ulv. Eg er heilt sikker, fortel han.

Etter at Skålerud nesten stogga heilt opp for å ikkje køyre på dyret, stogga også dyret opp. Så forsvann det i skogen.

– Når du har fortalt folk om opplevinga, trur folk på deg?

– Sjefen min trudde ikkje på meg, han meinte eg hadde sett ein hund, seier Skålerud og forstår at folk kan vere skeptiske.

– Det er ikkje så vanleg med ulv her, seier han.

– Ikkje overraska

Ingolf Folven som er rovviltkontakt i kommunen er ikkje overraska over observasjonane til dei som heilt uavhengig av kvarandre har fortalt om det dei meiner er ulv.

– Det er ein liten sensasjon at den dukkar opp, men personleg er eg ikkje overraska.

– Kvifor ikkje?

– Ulven vandrar over store område, så det kan vere eit streifdyr som er ute å fer.

– Det er ikkje lenge sidan det vart teke bilete og video av ulv på Grotli. Det er berre sju-åtte mil frå Stryn sentrum, seier han.

Ikkje meldingar om skade

Han har førebels ikkje fått inn meldingar som tyder på at ein ulv har gjort skade på sauer eller andre dyr i området.

– Men sauesankinga er knapt nok starta, så ein kan bli uroa. Men ein skal heller ikkje ta sorgene på forskot, seier Folven.

– Ulven kan gå utruleg langt. Denne kan dukke opp i Sunnfjord i morgon, eller på Søre Sunnmøre. Den kan også bli i området ei tid, seier han.

Folven vil sende inn ei melding om observasjonane til Statens Naturoppsyn, og desse vil bli lagt inn i rovviltregisteret. No ber han andre som ser dyret om å ta kontakt, og ta bilete.

– Ta bilete, så har vi det som dokumentasjon, seier han.