Vitne rysta etter at buss frå ulukkes-selskap skal ha køyrd forbi mange bilar i ferjekø

Den fullasta svenske turistbussen skal ha lagt seg ut og køyrt forbi eit titals bilar frå ferjekaia på Fodnes og inn i Fodnestunnelen på riksveg 5. Uforsvarleg og livsfarleg, stadfestar fleire vitne til hendinga.

Buss Bergkvara

KØYRDE FORBI: Bussen frå Bergkvaraskal ha lagt seg ut og køyrt forbi mellom 10 og 15 bilar frå ferja og gjennom Fodnestunnelen.

Foto: Privat

Fleire vitne var nærast i sjokk etter det som skjedde onsdag føremiddag mellom Fodnes og Lærdal. Eit av vitna, ein brannmann frå Indre Sogn, tok bilete av bussen og fortel til NRK kva som skjedde.

– Vi køyrde no av ferja som normalt, vi var to bilar som køyrde i lag. Då eg var komen godt inn i tunnelen, så såg eg brått ein buss som hadde lagt seg ut og var på veg forbi. Då hadde eg fleire bilar bak meg også. Etter kvart hadde bussen køyrt forbi mesteparten av ferjekøen, ein stad mellom ti og 15 bilar. Bussen hadde byrja å køyre forbi bilar med ein gong den køyrde ut av ferja, fortel mannen, som var på veg austover saman med familien, seier vitnet til NRK.

Same selskap som i dødsulukka

Turistbussen kjem frå same selskapet som i fjor sommar var involvert i dødsulukka i Fardal i Sogndal. Ei kvinne frå Ålesund og ei taiwansk kvinne omkom i ulukka. Sjåføren den gongen blei dømd i retten, og fekk nyleg avvist anken sin frå lagmannsretten.

At det var ein buss frå Bergkvara som skal ha køyrt så uforsvarleg berre nokre mil frå der dødsulukka skjedde i fjor, sette ein støkk i vitnet NRK har snakka med.

– Eg stussa jo litt over det, og blei betenkt når eg såg at det var same selskapet som var involvert i ulukka i Fardal i fjor sommar, fortel brannmannen til NRK.

Ferjekøen frå kaia på Fodnes og opp den lange bakken til Fodnestunnelen gjekk litt under fartsgrensa. Men fleire vitne meiner at det på ingen måte gav nokon grunn for bussjåføren til å leggje seg ut forbi køen.

Buss frå Bergkvara

SVINGA AV: Etter nokre få mil langs E16 i Lærdalsdalen, svinga bussen av til Borgund stavkyrkje.

Foto: Privat

Sparte inga tid på køyringa

– Eg hadde ikkje nett rekna med at ein buss ville køyre forbi fordi om køen gjekk litt seint. Eg vurderte det sjølv som uforsvarleg å køyre forbi. At ein buss skal køyre forbi personbilar er ikkje bra, meiner vitnet.

Men ikkje nok med det. Etter ein kort køyretur langs riksveg 5 opp Lærdalsdalen svinga turistbussen av til Borgund stavkyrkje. Bussen hadde ikkje spart eit einaste sekund på dei farlege forbikøyringane i ferjekøen.

– Det var jo litt spesielt, og jammen godt det ikkje kom nokon imot. Det kunne jo blitt katastrofalt, seier brannmannen frå Indre Sogn til NRK.

Sjåføren nektar for forbikøyringane

NRK har vore i kontakt med administrerande direktør i Bergkvarabuss, Göran Mellström. I ein epost slår han fast at dei ser svært alvorleg på påstandane om at ein av deira bussar skal ha køyrt forbi 10–15 personbilar.

– Slik køyring er sjølvsagt heilt uakseptabel. Vi har kome i kontakt med sjåføren, og han nektar for påstandane og hevdar at han ikkje har gjennomført forbikøyringar i tunnelen, skriv Mellström.

Sjåføren skal vere svært erfaren og vand med vegtilhøva i Norge. Direktøren i Bergkvarabuss vil kontakte sjåføren igjen seinare i dag for å få ei nærare forklaring på det som skal ha skjedd.

– Vi legg stor vekt på at våre sjåførar alttid følgjer gjeldande trafikkreglar. Sikkerheit er vår høgaste prioritet, og dei skal køyre varsamt. Dette er bodskap vi formidlar dagleg. Ingen unødige riskar skal takast nokosinne, særleg ikkje i Norge med dei smale vegbanene, slår Mellström fast.

Politiet opplyser til NRK at dei vart kontakta om det som skjedde, og har loggført meldinga om forbikøyringane til bussen. Det vil no bli vurdert om saka skal etterforskast.