– Vi har fleire tusen personar som er villige til å møte opp for å stoppe prosjektet

Nordic Mining varslar no at dei truleg kjem i gang med den svært omstridde gruvedrifta ved Førdefjorden innan utgangen av 2020.

Aksjonistane i Vevring

LENKA FAST: Bilete syner sist gong Natur og Ungdom aksjonerte mot prosjektet i Engebøfjellet på nordsida av Førdefjorden i 2016.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I Engebøfjellet i Naustdal har Nordic Mining store planar om å utvinne det verdifulle mineralet rutil i mange år framover. Dei har fått løyve til å sleppe mykje av gruveavfallet ned på botnen av Førdefjorden.

– Det står fram som eit veldig robust og langsiktig prosjekt, og det trur vi det må gjere skal vi sikre å få til langsiktig og god finansiering av prosjektet, seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum.

Men motstanden mot prosjektet er stor. No varslar naturvernarar nye aksjonar.

– Vi har fleire tusen personar som er villige til å møte opp for å stoppe prosjektet, seier Therese Hugstmyr Woie.

Vonar politikarane snur

Den nyvalde leiaren i Natur og Ungdom meiner det er optimistisk dersom Nordic Mining skal starte byggeprosjektet i utgangen av året.

– Den lokale motstanden er framleis stor, og kommunen er også ganske delt i spørsmålet. Då er det viktig å ta ein grundig gjennomgang av prosessane, både når det gjeld løyva om utslepp og drift.

Miljøorganisasjonen har tidlegare aksjonert mot prosjektet, men Woie håper at prosjektet skal bli stoppa før det går så langt denne gong.

– Vi har framleis folk i regjering som setter denne saka veldig høgt. Så vi kjem til å gjere det vi kan for å støtte dei. Natur og Ungdom meiner framleis at det er meir som kan gjerast for å stoppe dette prosjektet før det kjem til aksjonar, seier ho og held fram:

– Men dersom alt det fell igjennom og prosjektet blir klart for å komme i gong, så har vi fleire tusen personar på lister som er villige til å møte opp for å stoppe prosjektet i aksjonar.

Ønsker dialog

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum seier at motstanden ikkje overraskar.

– Eg tenker at det er heilt naturleg at vi i Noreg i dag har organisasjonar som utelukkande snakkar på vegner av naturen og markerer sitt syn på det.

Fossum fortel at dei først og fremst ønsker ein god dialog med alle dei som representerer naturens side og ønsker å få til ein god dialog med dei.

– Derfor prøver vi å ha gode prosessar i alle dei avgjerder som fattast, både av oss og andre.

Eit robust prosjekt

Moglegheitsstudien som vart lagt fram av gruveselskapet tidlegare i dag syner at produksjonen av rutil og granat i kombinasjon gir ein lønsam og robust økonomi.

Ifølgje Fossum ligg dei i rute til å starte byggingsprosjektet allereie mot slutten av året.

– Eit vilkår for å starte bygging er at vi får ein robust prosjektfinansiering. Så det går vi i gong med for fullt no.

I tillegg til finansiering ventar selskapet også på svar på søknad om driftskonsesjon frå Direktoratet for mineralforvaltninga.

– I våre planar ligg det oppstart av byggingsprosjektet allereie mot slutten av dette året.
Og det trur vi at vi ligg i rute til å greie.

Frakta vekk

PROTEST: Politiet måtte bruke makt for å fjerne aksjonistar i Vevring i Naustdal i 2016.

Foto: Steinar Lote / NRK