Hopp til innhold

Forskar: Diesel er best for miljøet

Trass i regjeringa si varsla avgiftsauke på dieselbilar, er dei framleis mest miljøvenlege. Det slår forskar Otto Andersen ved Vestlansforsking fast. Han meiner folk bør halde fram med å køyre på diesel.

Drivstoff

DIESEL BEST: Forskar hevdar at diesel uansett vil vere best for folk som bur utanfor dei store byane.

Foto: Rainer Prang / NRK

Trass i usemje om kva som er best for miljøet, råkar avigftsauken alle - uansett om du køyrer i Oslo eller på Gaularfjellet.

Høgrepolitikar i Sogndal, og dieselbilsjåfør, Einar Vatlestad er oppgitt over avgiftsauke på bilane som er best for miljøet.

– Det tykkjer eg lite om. Først lokkar dei oss til å køyre diesel, så er det plutseleg gale. Det neste blir vel at dei set opp avgiftene på diesel også.

Dårlegare byluft

Fram til no har regjeringa sin avgiftspolitikk favorisert dieselbilar fordi dei slepper ut mindre av klimagassen co2 enn bensinbilar.

Men fordi dei slepper ut meir av den helsefarlege avgassen nox, har lufta i dei store byane blitt dårlegare etterkvart som ein stadig større del av bilparken går på diesel.

Diesel er klimavinnar

Likevel - klimaet på lang sikt tener på at folk køyrer dieselbilar. Og det gjeld særleg på bygda, der lokal forureining sjeldan er tema, seier forskar Otto Andersen ved Vestlandsforsking.

Otto Andersen

FORSKAR: Otto Andersen ved Vestlandsforsking i Sogndal.

Foto: vestlandsforsking.no

– Diesel gjev jo mindre utslepp av klimagassar. Problemet med diesel er jo at den forringar den lokale luftkvaliteten. Det er jo eit problem som er mest knytta til byar og tettbyde strok, meiner Andersen.

I statsbudsjettet varsla regjeringa ei eiga avgift om vil gjere ein gjennomsnittleg dieselbil om lag 3300 kroner dyrare å kjøpe. Dårleg klimapolitikk, meiner Andersen.

– Det kan nok hende det at folk tenkjer økonomi her, difor er jo dette dårleg klimapolitikk, sler forskaren fast.

Ikkje nok til å snu

Ole Brekke køyrer ein stor dieselbil, og vil halde fram med det, trass den varsla auken på diselbilar.

– Eg føler at dei har lurt oss, for eit par år sidan så var det dieselbilar vi måtte kjøpe for å spare miljøet. Men no har det jo snudd tvert om.

– Men 3300 kroner, er det så mykje at du ville vurdert å kjøpe bensinbil neste gong?

– Nei, eg er nøgd med den bilen eg har. Den går godt.