- Eg har opplevd rasisme før, men aldri noko slik som dette, seier ein opprørt Robbie Russell.
Russell har sjølv svara på spørsmål frå supporterar:
•
Det skulle vere ein kveld i jubelrus etter at Sogndal vann sin første kamp for sesongen. Men for Robbie Russell vart det den verste dagen på ei norsk fotballbane nokon gong. Skjellsorda hagla, det same gjorde både spytt og sand. Og dei kom frå Brannsupporterane som sto like ved sidelinja på Fosshaugane.
- Det er berre fotball
- Du kan elske laget ditt så mykje du vil, men ver sikker på at det du gjer ikkje skader laget. Det er fotball, det er berre fotball. Det er noko du skal ha eit lidenskapeleg forhold til, noko du skal bry deg om, men slikt som dette burde ikkje skje, seier Russell.
Støttar Russell
Russell meiner dei rasistiske tilropa frå Brannsupporterane er øydeleggande for klubben. Men alle Brann-spelarane støtta den mørkhuda amerikanaren. Brannkaptein Cato Guntveit kom inn i garderoben til Robbie Russel etter kampen og gav han ein klem. - Eg støttar han. Dei få som gjorde dette er ikkje Brann-supporterar, seier Guntveit.
Beklagar
Nestleiar i supporterklubben til Brann, Thorleif Steffensen, beklagar det heile. Steffensen såg sjølv det som skjedde. - Hundre prosent reinspikka idioti. Slik eg ser det er det ein person i Brann-drakt som ikkje er organisert hos oss, som rett og slett oppførte seg tåpeleg.
Blir utestengde på livstid
I dag har leiinga i klubben bestemt at Brann-supporterane som slengte rasistisk hets mot Russell blir utestengde på livstid frå alle Brann-kampar.
Dagleg leiar for Sogndal Fotball, Yngve Hallén, seier han er svært glad for reaksjonen frå Brann. Han seier også at desse personane heller ikkje er velkomne på Sogndal stadion.