Hopp til innhold

Hest kan få fleire unge gjennom vidaregåande

FØRDE (NRK): Henrik (20) slutta på vidaregåande to gonger. Hestelinja vart løysinga for å trivast på skulen.

Henrik Gudding seler på hesten

SELER PÅ: Henrik Gudding gjer hesten klar for arbeid. Takka vere hesten ynskjer han no å fullføre vidaregåande.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Her er vi ute og jobbar. Det er ikkje så mykje klasseromsitjing, seier Henrik Gudding (20).

Henrik seler på

VIKTIG Å GJERE DET RETT: Henrik er nøye med plasseing av selen, så den ikkje skal gnage i pelsen.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Han prøvde seg på vidaregåande heime i Hardanger to gonger, men slutta. No går 20-åringen på hestelinja på Mo og Øyrane vidaregåande skule utanfor Førde. Utan denne linja, trur ikkje Gudding han hadde fått studiekompetanse.

– Eg var eigentleg ikkje interessert i å gå på skulen. Og så hadde eg jo prøvd, men droppa ut etter to-tre månader, seier Henrik.

Han er inne i andre året, og er bestemt på at han skal fullføre.

– Ja, absolutt. Eg har allereie søkt tredjeåret på påbyggjing, seier Henrik.

Hest for flytting av tømmer

I DRIFT: Henrik Gudding og Caroline Folven Røyrvik i gang med flytting av tømmer.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Hesten gjev oss sjølvtillit

Hilde Hauge er nestleiar i den frivillige organisasjonen Hest og Helse, og har skrive doktorgrad på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet om hesten sin effekt på ungdom si meistringstru, sjølvkjensle og sosiale kompetanse.

– I forskinga såg eg at hesten skapar eit sosialt miljø i det å starte på ein ny skule, vere ungdom og skulle finne seg sjølv. Han gjev også dei trygge rammene som trengst når ein skal lære nye ting. Dette kan gjere det lettare å bli på skulen, seier Hauge.

Hilde Hauge

VERDT Å FÅ FRAM I LYSET: Hilde Hauge har skreve doktorgrad om hest og helse ved NMBU.

Foto: Landbruksutdanning

Ho legg vekt på at fokuset kan vere annleis ved denne linja enn mange andre.

– Det handlar ikkje om prestasjonsjag og å vere best, men om å vere god nok for hesten din. Gjere det som trengst for at han har det bra.

Ho seier andre dyr også kan gje mange av dei same mekanismene, men hesten er stor og utfordrande, og ho trur ungdom kan lære mykje ved å meistre dette samspelet.

Dei lesser tømmer opp på sleden

LESSER TØMMER: Hesten ventar tolmodig medan dei lesser sleda med tømmer.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Færre vil ha undervisning i klasserom

Antal søkjarar til yrkesfag og studieforberedande

LIKEVEKT: Omtrent like mange søkte yrkesretta linjer som studieførebuande i 2018.

Foto: Utdanningsdirektoratet / UDIR

Tal frå utdanningsdirektoratet viser at færre elevar har søkt seg til studieførebuande linjer dei to siste åra. I 2018 var det nesten likevekt i tal på søkjarar til studieførebuande og yrkesretta linjer på vidaregåande skuler.

Dette er noko dei har merka ved naturbruklinja på Mo, der dei har teke inn heile 15 fleire elevar enn året før. Studiet er yrkesretta, men ved å ta påbyggjing det tredje året får elevane studiekompetanse og kan gå vidare på høgare utdanning.

Eit lagspel vi lærer mykje av

Fagleiar Harald Løtuft opplever at elevane blir meir sjølvstendige og omsorgsfulle, og meiner det er god grunn til å halde fram med hestehald som ein del av opplæringstilboda.

Harald Løtuft, fagleiar

EIT LAGSPEL: Fageleiar Harald Løtuft legg vekt på samspelet med hesten.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Ein kan argumentere for at dette er unyttig og at vi burde gjere noko meir vettig, skru på traktotar eller noko slikt. Men det er lagspelet mellom menneske og hest som blir viktig å framheve, seier Løtuft.

Mo og Øyrane VGS
Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK
Elevane skal flytte tømmer med hesten, - ei oppgåve som krev eit godt samspel heilt frå selen leggjast på til den takast av.
Ved hestelinja på Mo flyttar dei tømmer med hest. Dei lærer å meistre lagspelet.

Ved hestelinja på Mo flyttar dei tømmer med hest. Dei lærer å meistre lagspelet.