Hopp til innhold

Her vil Vegvesenet la E39 gå

Statens vegvesen legg i dag fram sine forslag om kvar nye E39 frå Byrkjelo til Grodås skal gå. Ordføraren i Gloppen er budd på reaksjonar frå Bremningane.

Vegvesenet sine traseeval gjennom Breim

TRE ALTERNATIV: Statens vegvesen vil ha ny E39 gjennom Breim i ein av desse traseane.

Foto: Statens Vegvesen

– Kjem vegen med den standarden som er tenkt bygd, med krav til kurvar og vegbreidde, så blir den omfangsrik. Då vil folk bli råka og sjølvsagt kommentere og reagere på det. Slik er det berre, seier Senterpartiordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad.

Leidulf Gloppestad

UTFORDRANDE: Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad seier det er utfordrande å finne balansen mellom vern av matjord og ein god bruksveg.

Foto: Silje Guddal / NRK

Her er alternativa

Kvar ny E39 skal gå gjennom ei av fylket sine største landbruksområde har skapt spenning. Bøndene i Breim fryktar at mykje matjord går med i dragsuget når vegen skal byggast. No er Vegvesenet sine tre traseval klare:

  • Veg i dyrka mark aust for busetnadar frå Hjelle bru til tunnelinnslag sør for Tine Meierier. Tilkopling til eksisterande E39 sør for Byrkjelo sentrum.
  • Ny bru over Storelva ved Hjelle bru, veg i dagen på vestsida av elva til ny bru på Teita, og veg over dalen til tunnelinnslag sør for Tine Meierier. Tilkopling til eksisterande E39 sør for Byrkjelo sentrum.
  • Veg i dagen på sørsida av Storelva frå Hjelle bru til tunnelinnslag på Fløtre. Tilkopling til eksisterande E39 nordvest for Byrkjelo sentrum.

Det skal også greiast ut to alternativ for kryss på Byrkjelo, eit sør for Byrkjelo sentrum og eit kryss vest for Byrkjelo sentrum. Tre alternativ er forkasta i området, mellom anna Breim Bondelag sitt føretrekte val, om tunnel frå Bergheimsvatnet til Utvik. Årsaka er mellom anna skredfare og rasmassar, dårleg tilknyting til Byrkjelo og inngrep i strandsona.

Her kan du sjå heile planprogrammet for E39 Byrkjelo – Grodås.

Krevjande arbeid

Gloppen kommune har hatt ei eiga arbeidsgruppe som har vurdert og sett på ulike alternativ. Balansegangen mellom jordvern og bruksnytte har vore Gloppestad legg ikkje skjul på at Byrkjelo er eit utfordrande område å planlegge ny veg gjennom.

– Vi har arbeidd opp mot Vegvesenet for å finne alternative løysingar og pressa dei på alternative dei har hatt. Det må gå å bygge veg i eit slikt området også, der ein skjermar matjorda mest mogleg, men vi må også ha ein veg som folk kan bruke og som det er nytte av.

Forslaget inneheld også traseval gjennom Innvik, Utvik og Grodås, og for kryssing av fjorden. om lag halvparten av den nye vegen skal gå i tunnel. Det er også behov for å bygge tilkoplingsvegar og lokalvegar i Innvik og Utvikl for å få god tilknyting til fylkesveg 60. Og det blir mange bruer over vassdrag som del av prosjektet, står det i planprogrammet.

Innbyggjarar og andre har frist fram til 1. juni for å seie si meining om alternativa. Endeleg vedtak i saka kjem sommaren 2018.