203 milliardar kroner. Altså 203 tusen millionar. Det har Stortinget vedtatt at Statens vegvesen kan bruka dei neste seks åra.
Tysdag presenterer Vegvesenet korleis og kvar dei vil prioritera å nytta desse pengane. 105 milliardar skal gå til investeringar.
Dei peikar ut totalt 429 prosjekt.
Det kallar dei «gjennomføringsplanen for perioden 2022-2027».
Dette er Vegvesenet si praktiske oppfølging av Nasjonal transportplan (NTP) for åra 2022–2033.
Stortinget vedtok NTP i mars i fjor. Vegvesenet har ein viss fridom til å prioritera innanfor den ramma.
PLANEN: Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland la tysdag fram vegvesenets planar for investeringar dei neste seks åra.
Foto: Knut OpeideDei 13 viktigaste
Vegvesenet prioriterer følgande lange strekningar (les meir her):
- E39 Stavanger–Bergen inkl. Ringveg øst
- E134 Kongsberg–Haugesund
- E16 Hønefoss–Arna
- Rv. 4 Oslo–Gjøvik
- E39 Ørsta/Volda–Kristiansund
- E6 Steinkjer–Nordland grense
- Rv. 80/E6/E8 Bodø–Tromsø
- E16/rv. 350 Eggemoen–Hønefoss–Hokksund
- Rv. 52 Gol–Lærdal (Borlaug)
- Rv. 3 Elverum–Ulsberg
- E6 Dombås–Ulsberg
- E10 Tjeldsund–Å
- Rv. 94/E6/E45 Hammerfest – Riksgrense Finland
Sjekk fylket ditt
Her er Vegvesenet sin fylkesvise oversikt over deira tiltak i perioden 2022-2027:
- Agder
- Innlandet
- Møre og Romsdal (NB: Møreaksen er ikkje markert i kartet)
- Nordland
- Oslo
- Rogaland
- Troms og Finnmark
- Trøndelag
- Vestfold og Telemark
- Vestland
- Viken
Det som skal brukast pengar på dei neste seks åra, inkluderer prosjekt som:
- er under bygging
- startar opp i perioden 2022–2027
- planleggast for perioden 2028–2033
Hovland viser til at dei siste tjue åra har personbiltrafikken i Noreg auka 23 prosent. Tungbiltrafikken har auka 60 prosent. Riksvegferjene har fått 65 prosent fleire køyretøy.
Trekker fram Rogfast og Hordfast
Utbyggingsdirektør i Vegvesenet, Kjell Inge Davik, karakteriserer det øvste prosjektet på prioriteringslista slik:
– Ny E39 mellom Stavanger og Bergen er «vår Bergensbane».
Han samanliknar det dermed med jernbaneutbygginga på byrjinga av 1900-talet, som kosta «eit heilt års statsbudsjett» på den tida.
BEGEISTRA: – Dette prosjektet er ein «game changer», seier utbyggingsdirektøren i Vegvesenet om ferjefriprosjekta mellom Stavanger og Bergen.
Foto: Jo Vegard Aardal/Statens vegvesenDavik viser til at utvida bu- og arbeidsregionar vil betra utviklingsmoglegheitene kraftig.
Rogfast er under bygging, medan det er sett av 1 milliard kroner til Hordfast i seksårsperioden.
For heile strekninga Stavanger-Bergen skriv Vegvesenet at ein «kan ha bygd ut strekninga innan 2040, men då med usikkerheit hefta til Bokn-Hope og Bømlafjordtunnelen.»
Samanlikninga med bygginga av Bergensbanen får SV til å sjå raudt.
– Det blir heilt feil å kalla Hordfast «vår Bergensbane». Det nye stortingsfleirtalet etter valet i haust prioriterer ny og rassikker Bergensbane og E16 mellom Arna og Voss høgast.
Det seier Marthe Hammer i SV. Ho viser til at Senterpartiet seinast i går tok til orde mot å prioritera Hordfast.
Dei viktigaste
Davik trekker fram at ny E39 Ålesund-Molde (Møreaksen) er eit like viktig og positivt prosjekt som Rog- og Hordfast.
– Dette er ein utruleg verdiskapande region, der ny veg vil skapa svært god dynamikk.
Han nemner også riksveg 4 Oslo-Gjøvik, og at utbygginga på Alnabru er eit nav som blir ekstremt viktig for Austlandsregionen.
– For Nord-Noreg er i dag E6 einaste transportåra på land til landsdelen. Me jobbar systematisk med å utbetra den, seier utbyggingsdirektøren.
Utset Nordhordlandstunnelen
Derimot har Vegvesenet ikkje prioritert å starta første byggetrinn av Ringveg Aust i Bergen. Dermed blir det ikkje oppstart for ny E39 nord i Bergen i denne seksårsperioden.
Planen er tunnel mellom Vågsbotn og Nordhordlandsbrua. Dette er ein av 13 prioriterte nasjonale vegstrekningar. Og Vegvesenet har tidlegare lova byggjestart i 2026–2027.
No skriv dei at byggjestart kan bli utsett heilt til 2040.
«For Ringveg øst har ein for Vågsbotn-Klauvaneset og Arna-Vågsbotn ein kommunedelplan til godkjenning i Bergen kommune, og byggjestart i perioden 2028–2033 eller 2033–2040 vil vere mogleg.»
– Utsetjinga er heilt uakseptabel. Me kjem til å trappa opp aksjonane.
Det seier aksjonsleiar for Nordhordlandstunnelen, Jørund Vandvik.
TRAPPAR OPP: – No byter me silkehanskane ut med boksehanskar, seier aksjonsleiar for Nordhordlandstunnelen, Jørund Vandvik (til venstre).
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Glede og uro
Samferdselsminister Jon Ivar Nygård deltok i framlegginga av gjennomføringsplanen.
Han understrekar det som også den førre regjeringa slo fast: Eit styrande mål er å få «meir for pengane».
– Lista me får sjå i dag vil gleda mange og sikkert gi uro for andre, seier statsråden.