Hopp til innhold

Her vil dei lære elevane å leve som vikingar

NORDFJORDEID (NRK): Eitt år som viking på Nordfjordeid kan bli ein realitet for folkehøgskuleelevar frå neste haust.

Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid

VIKING-LINJE: Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid kan bli den andre skulen i landet som får ei viking-linje.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det nye studietilbodet på Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid skal heite «Vikingliv» og skal gi elevane eit innblikk i korleis vikingane levde.

– Det er ei linje som er inspirert av det vikingarbeidet som skjer på Nordfjordeid for tida, seier rektor ved folkehøgskulen, Arne Hagen.

– Osar av vikinghistorie

For det blir no jobba med å få til eit vikingsenter i bygda. Prosjektgruppa for Sagastad har lenge ønskt å få på plass eit opplevingssenter. Der ønskjer dei blant anna å rekonstruere vikingskipet som vart funne på Nordfjordeid, det største vikingskipet som er funne her i landet.

Rektoren trur skulen kan kome til å bli sterkt prega av vikingsatsinga elles i bygda.

– Det vil jo kunne vere ei styrke for oss å ha eit slikt opplevings- og dokumentasjonssenter like i nærleiken. Og så har vi gravhaugane rett ved sidan av, så det osar eigentleg av vikinghistorie her. Om fleire skal få dette til enn den eine skulen som har det i dag, så trur eg faktisk det må vere oss, seier Hagen.

Den andre linja i landet

Folkehøgskulen i Seljord i Telemark starta i haust opp eit liknande tilbod, og har så langt hatt gode erfaringar.

Fjordane folkehøgskule har frå før fleire linjer som er knytt opp til hest, samt ei kunstlinje og ei sirkuslinje. Hagen trur desse linjene vil passe fint saman med.

– Vi trur det er veldig mange samanfallande ting mellom linjene. Det handlar om handverk, om tekstil og om smiing. Sjonglering var jo også ein vikingaktivitet. Hest var jo framkomstmiddelet i tillegg til båt i vikingtida. Så vi trur at ei slik linje vil passe godt inn i profilen vi har i dag, seier rektoren.

Håpar på nok elevar

Skulen har jobba tett med organisasjonen «Møre frie vikingar» for å få gode råd til korleis dei skal setje saman linja. Dei er allereie i ferd med å gjere fleire grep for å skulen meir «vikingvenleg».

– Vi har vore på jakt etter blant anna ei smie som vi kan bruke i opplegget vårt. Vi er ute etter eit hus eller eit skogholt som vi kan lage til som ein slags buplass for vikingar.

No er spørsmålet berre om dette er noko ungdommen ønskjer.

– Vi er optimistiske, men ein veit jo aldri korleis eit nytt tilbod blir teke imot av ungdommen. Så det vert spennande når vi nærmar oss slutten av februar, for då får vi ein peikepinn på om vi har nok elevar til å starte opp.