Hopp til innhold

Her vil dei ha eiga bystrand – no vil snart alle ha det

Kunstige strender har erstatta steinfyllingar og kaianlegg i dei største byane. No har trenden også komme til norske småbyar.

Den planlagte bystranda i Førde

STRANDLIV: Kanskje vert dette den neste norske bystranda. Slik ser Førde Sør AS for seg at stranda kan sjå ut.

Illustrasjon: Førde Sør AS

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er noko med å sleppe å køyre i 30 minutt, seier Nora Signe Raae Stedje.

– Og dei som bur her nede kan berre hive seg ut døra, seier Thea Fleten.

Førdejentene kikkar ned i elva Jølstra midt i Førde sentrum.

I førre veke dukka ideen om ei eiga bystrand i Førde opp. Sidan har bankane og næringslivet kappast om å gje milliongåve for å realisere draumen.

Førde er tradisjonelt omtala som «Noregs styggaste». Som andre norske byar er han i endring.

Jentene ser utover det som kan bli Førdes neste samlingspunkt.

KORTREIST: – Dei som bur her nede kan berre hive seg ut døra, seier Thea Fleten og Nora Signe Raae Stedje.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– Meir aktivt byliv

Historiske industriområde er ikkje lenger «bandlagde» på same vis, og når arbeidarane med skiftenøkkel og sveisemaske forsvinn dukkar nye behov opp.

– Mykje areal langs hamnesida i byene har blitt ledig, og bylivet har dei siste åra blitt mykje meir aktivt, seier Elin Børrud, som er professor ved Institutt for landskapsplanlegging, NMBU.

Dei siste åra har det kome kunstige, urbane strender i Levanger, Vikersund, Sandnes, Bergen og Drammen. I staden for steinfyllingar og kaianlegg.

1. juli opnar Operastranda i Oslo.

– Bading og friluftsliv midt i sentrum har rett og slett blitt ein bykvalitet folk ønsker seg. Eg er sikker på at dette er ein utvikling vi kjem til å sjå meir av, seier byråd for byutvikling, Hanna E. Marcussen (MDG).

Tegning for bystrand i Bergen ved White arkitekter

NY FØRESLÅTT BYSTRAND: – Eg er bekymra for at Storelungeren i Bergen vert fylt for mykje ut. Byen ligg blant høge fjell og treng vannspegl til å reflektere lyset, seier arkitekt og byplanleggar Susanne Urban.

Illustrasjon: White arkitekter

– Eit insentiv for å reinse opp vatnet

Gaute Brochmann, redaktør i Arkitektur N, har merka seg den same trenden:

– Det å tenke naturkvalitetar og urbane kvalitetar saman har vi liten tradisjon for i Noreg. Men erfaringane viser kor utruleg stort potensial det er i det å utvikle byliv og bading saman, seier han.

Han legg til:

– Samtidig er det eit insentiv for å reinse opp vatnet i fjordane våre og ha ei meir aktiv haldning til naturvern.

I Steinkjer har 200 kubikk kvit skjelsand frå Ytre Namdal hamna midt i sentrum.

Ei strand som har vekt misunning i Trondheim.

– Lianvatnet, Kyvannet og Hestsjøen er bademogelegheiter, men fungerer ikkje ei urban strand, skriv Adresseavisen på leiarplass.

I 2016 heiv Nordfjordeid seg på den same trenden.

– No er vi akkurat som Barcelona, braut varaordføraren ut.

Haakon Riekeles (V) sit i byutviklingsutvalet i Oslo Bystyre.

– Det er flott med bystrender, men det bør ikkje bli den einaste forma for urban sjøfront, seier han.

Han legg til:

– Det er også viktig å legge til rette for å restaurere natur. I Oslo ønsker vi å restaurere ei våtmark og elveutløp ved Skøyen. Det er betre for dyrelivet og vasskvalitet enn berre bystrender og havnepromenader.

Slik blir den nye Operastranda ved Operaen i Oslo, som etter planen skal åpne til sommersesongen starter for fullt. Foto: Illustrasjon: Rift/Hav Eiendom

OPERASTRANDA: – Det er flott med bystrender, men det bør ikkje bli den einaste forma for urban sjøfront, seier Haakon Riekeles (V).

Illustrasjon: Rift/Hav eiendom

– Vert fylt for mykje ut

Heller ikkje arkitekt og byplanleggar Susanne Urban er heilt utan atterhald:

– Eg er bekymra for at Storelungeren i Bergen vert fylt for mykje ut, seier ho, og viser til at vatnet reflekterer ljos i ein elles mørk by blant høge fjell.

I Førde er kommunedirektør Ole John Østenstad meir nøktern enn politikarane og næringslivet.

– Her er det mange ting som må bli greidd ut før kommunen kan ta stilling til prosjektet. Det er ikkje berre å lage ei strand, seier han til avisa Firda.

Eit potensielt problem er forureining knytt til tidlegare verkstaddrift i området.

Thea Fleten og Nora Signe Raa Stedje skular ned i vatnet.

– No var det ikkje særleg pent her, seier Thea.

– Ja, dei må nok fikse litt her før det skal bli freistande å bade, seier Nora.

Slik blir den nye Operastranda ved Operaen i Oslo, som etter planen skal åpne til sommersesongen starter for fullt. Foto:

STORT POTENSIAL: – Erfaringane frå for eksempel Sørenga viser kor utruleg stort potensial det er i det å utvikle byliv og bading saman, seier Gaute Brochmann, redaktør i Arkitektur N.

Illustrasjon: Rift/Hav Eiendom