Hopp til innhold

Her vert det nyaste store vasskraftverket opna

Det nye kraftverket kan forsyne 12.000 hus med straum og er blant dei største som er bygd etter at tida for store vasskraftutbyggingar «gjekk ut».

HER SKJER DET: Det nye vasskraftverket i Sunnfjord vil produsere om lag 250 GWh straum, noko som svarar til forbruket til rundt 12.000 hushald.

HER SKJER DET: Det nye vasskraftverket i Sunnfjord vil produsere om lag 250 GWh straum, noko som svarar til forbruket til rundt 12.000 hushald.

Foto: Jølstra kraft

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

«Tida for nye, store vasskraftutbyggingar i Noreg er over», sa Jens Stoltenberg i si nyttårstale i 2001.

Men heilt over er ikkje utbygginga, og i dag gjekk Jølstra kraftverk over i det som vert kalla prøvedrift.

Kraftverket nyttar eit fall på 131 meter i elva Jølstra i Sunnfjord på Vestlandet.

Alle som vil sjå eit moderne og effektivt kraftverk med minimal påverknad på natur og miljø, skal ta seg ein tur til dette kraftverket, seier stortingsrepresentant for Høgre, Olve Grotle.

Energiministeren: – Kraftverket er viktig

Mellom 2020–2022 har om lag 2,3 TWh ny vasskraft blitt sett i produksjon i Noreg, fordelt på 85 vasskraftverk.

Det meste av dette skuldast opprustingar av gamle vasskraftverk og etableringar av små vasskraftverk.

Men noko skuldast også nye og store elvekraftverk (sjå faktaboks).

Jølstra kraftverk vil kvart år produsere 252 GWh straum, som svarar til forbruket til rundt 12.000 hushald.

Det betyr at kraftverket er blant dei største kraftverka som er bygd i nyare tid.

– Regjeringa har som mål å auke norsk vasskraftproduksjon, og dette kraftverket er eit viktig bidrag til det, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Marte Mjøs Persen
Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Fordeler og ulemper med alle utbyggingar

Naturtapet har vore diskutert, og den faglege vurderinga er at utbygginga ikkje vil ramme storaurestammen i Jølstravatnet. For elveauren derimot vil den reduserte vassføringa «gje eit avgrensa tap av beite- og oppvekstområde».

Det har og vore spørsmål om reguleringa vil øydelegge for elvesporten, men dei siste signala er at kraftverket i Jølstra «ikkje vil ta knekken på raftinga likevel».

Det er fordeler og ulemper med alle utbyggingar. Men vi trenger mykje meir kraft og dette kraftverket er viktig i ein slik samanheng, seier Torfinn Opheim, som er leiar i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK).

Jølstra i Førde

JØLSTRA: Naturtapet har vore diskutert, og den faglege vurderinga er at utbygginga ikkje vil gå utover storaurestammen i elva.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

Regjeringa vil auke norsk vasskraftproduksjonen

I Hurdalsplattformen heiter det at Støre-regjeringa «vil auke norsk vasskraftproduksjon, blant anna ved å oppgradere og fornye eksisterande vasskraftanlegg».

Bakteppet er mellom anna ein ny rapport frå Statnett som seier at det norske kraftoverskotet vil vere ete opp innan 2026.

Ein mykje omtala NTNU-studie seier at norske vassdrag kan produsere 15–20 fleire terawattimar berre ved hjelp av opprusting og utvidingar.

NVE er meir nøkterne og reknar potensialet til 7,6 TWh.

Forfattar av NTNU-studien er professor Leif Lia:

Jølstra kraftverk er ein ekstremvariant av opprusting og utviding av gamle kraftverk. Miljøverknaden er akseptabel og energigevinsten er svært stor, seier han til NRK.

pj1cwkSgN7k

VIL HA MEIR: I Hurdalsplattformen skriv Støre-regjeringa at ho vil «auke norsk vasskraftproduksjon, blant anna ved å oppgradere og fornye eksisterande vasskraftanlegg.»

Foto: Torstein Bøe / NTB

Må hauste den lågthengande frukta

– Det er på tide at vi haustar den lågthengande frukta som ligg i å oppgradere vasskraftverka våre, skriv klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) i ein kronikk.

Vasskraftbransjen har over tid klaga over skatteregimet, og vart delvis høyrt då Solberg-regjeringa innførte ein kontantstraumskatt for ny vasskraft i 2020.

Eivind Heløe er direktør for fornybar energi i Energi Noreg.

Vi må ha meir fornybar kraft om vi skal nå klimamåla. Vi er derfor svært glade for at medlemsbedriftene skaper moglegheiter for å utnytte den fantastiske vasskrafta, seier han.