Hopp til innhold

Her vert det nattestengt i lang tid framover

Geiteryggtunnelen på fylkesveg 50 vert nattestengd måndag til fredag frå klokka 21.00 til 08.00. Nattestenginga vil vare ut hausten 2015.

Geiteryggtunnelen

SKAL OPPGRADERAST: Det skal gjerast mykje arbeid inne i Geiteryggtunnelen på fylkesveg 50. Tunnelen vert difor nattestengt ut hausten 2015.

Foto: Tore Braaten / Statens vegvesen

– Vi kjem også til å lysregulerer korte strekningar i tunnelen også utanom nattestengingane, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Tore Braaten.

Det vert rekna med ei ventetid på om lag 10 minutt, og Braaten ber reisande på fylkesveg 50 Hol-Aurland rekne litt ekstra tid.

Skal oppgraderast til dagens krav

Det vert ikkje arbeidd i tunnelen i veke 28, 29 og 30. I anleggsperioden vert høgste hastigheit i tunnelen 40 km/t. Målet er at tunnelen skal godkjennast før jul 2015.

Årsaka til at tunnelen vert stengd nattetid er at elektro- og naudsystem skal bytast ut med nytt utstyr i samsvar med dagens krav. Det skal også gravast kabelgrøft langs fylkesvegen, fram til Vesterdalsdammen.