Her vert den daude kvalen slept vekk

FLORØ: Tidlegare i dag flaut ein daud kval i land ved flyplassen i Florø. No blir den slept vekk av det lokale brannvesenet.

Sleper død kval til sjøs

DØD: Brannvesenet måtte trø til då ein død kval flaut til land i Florø.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Varabrannsjef Eivind Ask seier at kvalen flaut fritt inne ved sjøkanten og at den var i ferd med nærme seg ei av dei kommunale badestrendene.

– Vi er blitt einige om å slepe han vekk, for han ligg litt keitete til. Han blir trekt vestover og ankra opp inn mellom nokre holmar og skjær. Der vil vi late naturen gå sin gong, seier Ask.

Kvalen er fem meter lang men det er førebels ikkje klar kva slags art det er snakk om. Men at ein kval flyt rundt i sjøen er ikkje noko ukjent fenomen for varabrannsjefen.

– Kvalar dør jo av og til og dei flyt lenge etter at dei er dauda. År om anna har det reka i land nokre kvalar her. Det er ikkje noko spesielt med dette, seier Ask.

Han har snakka med folk på staden som opplyser at kvalen allereie er i ferd med å rotne.

– Dei seier at han har byrja å sprekke opp litt og innvolane kjem ut. Då luktar det ikkje noko behageleg i det heile tatt, seier Ask.