Her ventar han med bilen full i varer

Med bilen full i ferske brød, kaker og drikkevarer, set Asko-sjåfør Egil Olsen i kø ved rasstaden på riksveg 5 i Flora.

Egil Olsen

VENTAR: Egil Olsen har bilen full i varer til butikkane i Florø. Førebels har han

Foto: Eli Eikenas Vengen / NRK

Vegen mellom Førde og Florø er stengd kring 15 kilometer aust for Florø, der fire kubikk stein har rasa ned i vegbana.

– Det er jo litt kjedeleg. Arbeidsdagen blir mykje lenger i dag, konstaterer Egil Olsen.

Bilen full i varer

Med lastebilen full i varer som skal til butikkar i Florø, er han mellom mange som har måtte brukt morgontimane i kø ved rasstaden. Vegen vert tidlegast opna klokka 12. Statens vegvesen ventar på flyvêr for å få ein geolog til å vurdere sleppområdet frå lufta.

(Artikkelen held fram under videoen)

Steinraset mellom Florø og Førde har gått 100-200 meter aust for Sundefjellstunnelen. Det er kring 15 kilometer aust for Florø.

STENGT: Riksveg 5 er stengd kring 15 kilometer aust for Florø.

Det er ingen omkøyringsveg, så butikkane som ventar på dei ferske brøda, kakene og drikkevarene Olsen har med seg, må vente.

Ras på riksveg 5 mellom Førde og Florø.

STEINRAS: Kring fire kubikk kom ned i vegbana.

Foto: Statens vegvesen

– Eg har frys og kjøl på, så varene vil nok halde seg nokre timar til. Men dei vil ikkje halde evig, seier han.

Ventar på flyvêr

– Varene må eg levere uansett, så eg får stå her ei stund for å finne ut kva som skjer, legg han til.

Vidar Solheim hos Statens vegvesen seier i 10-tida at geologen er framme på staden, og at eit helikopter står klart til å lette når flyvêret tillet det. Det er låg skodde i området.

– Vi har ikkje kontroll på sleppområdet. Av omsyn til dei som skal rydde og dei som skal ferdast der etterpå, så må vi vite at det er trygt å vere under der raset har gått, seier Solheim.

Laster kart, vennligst vent...

STENGT: Riksveg 5 er stengd mellom Førde og Florø. Det er ingen omkøyringsmoglegheiter.