Hopp til innhold

Her vart det målt 18,1 varmegrader i natt

I Tafjord i Møre og Romsdal vart det varmt i natt. Fleire stader i landet har hatt sommartemperaturar dei siste dagane.

Tafjord

VARMT: I natt vart det målt 18,1 varmegrader i Tafjord. Det var same temperatur som i 2018.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

November 2020 har så langt skrive seg inn i historiebøkene som éin varm månad.

Natt til 16. november vart det blant anna 18,1 grader i Tafjord.

– Det er ikkje uvanleg med så høge temperaturar i november, men trenden syner at vi har fått mildare haustar, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.

Han seier at fønvind er årsaka til varmen i Tafjord.

sol3

FØNVIND: Klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt seier at fønvind er årsaka til varmen i Tafjord.

Foto: Tom Ingebrigtsen / NRK

I Valldal, som ligg i same kommunen, vart det målt 18 varmegrader, medan det på Sunndalsøra vart målt 17,6 varmegrader.

Litt lenger sør på Vestlandet vart det målt 17 varmegrader i Lærdal klokka 23 søndag kveld. I Brønnøysund vart det i dag målt 14 varmegrader.

Valldal. Her ser du Syltefjellet

VARMT: Også i Valldal vart det målt 18 varmegrader.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

Andre varmaste november

Trenden set Mamen i samanheng med klimaendringar.

Han fortel om ein svært mild første halvdel av november over heile landet. På Svalbard har temperaturane lege 10 grader over normalen, medan den på Finnmarksvidda, i Indre Troms og Innlandet har lege 6 til 7 grader over normalen.

På den høgastliggjande fjellovergangen i Noreg, Sognefjellet, har temperaturmålingane lege seks grader over normalen ved Sognefjellshytta – 1400 meter over havet.

– På Takle i Gulen, ytst i Sognefjorden, har dei målt den andre varmaste novembermånaden hittil sidan målingane der starta i 1950. November i 2018 var den varmaste som er målt så langt, fortel Mamen.

En isbjørn på Svalbard tatt i juni 2018

10 GRADER: På Svalbard har temperaturane lege 10 grader over normalen. Biletet av isbjørnen er frå juni 2018.

Foto: Bj Kirschhoffer / AFP

Fleire fylkesrekordar

Mamen fortel at Oslo og Viken og Vestfold og Telemark har fått fylkesrekordar i november i år. På blant anna Blindern i Oslo blei det målt 16,1 grader. Den slo ein gamal rekord frå 1983.

Men årets varmerekord for november 2020 vart målt i Åsgårdstrand i Vestfold. Den 6. november viste gradestokken 18,7 varmegrader.

– Det er ikkje uvanleg at vi kan ha mildvêr i nokre dagar i november, men det uvanlege er at vi har hatt ein varm periode såpass lenge, seier statsmeteorolog Magnus Haukeland ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Han forklarar varmen med sørlege og sørvestlege vindar som tek med seg varmare luft frå kontinentet.

Men no kjem snøen

Men på torsdag er det slutt på sommarvarmen, skal vi tru Haukeland. Då kjem eit vêromslag i heile landet.

– Då kan det kome sludd- og snøbyer heilt ned i låglandet nord for Stad, kanskje så langt sør som i Sogn og Fjordane.

Laster Twitter-innhold