Hopp til innhold

Eit postkort kan vere verdt meir enn du trur

SKEI (NRK): Jan Talsethagen (75) frå Sogndal har samla på postkort i 30 år, og eig mellom 3.000 og 4.000 sjølv.

Jan Talsethagen (75) frå Sogndal har samla på postkort i 30 år, og eig mellom 3.000 og 4.000 sjølv. Laurdag ettermiddag var han på samlarmessa på Skei for å selge nokre av dei.

STOR SAMLING: Jan Talsethagen frå Sogndal har mykje spennande å vise fram frå samlinga si. (Foto/redigering: May-Helen Rolfsnes)

– Verdien på korta kan variere frå ti og fleire tusen kroner. Om to personar er interessert i eitt spesielt kort, kan det gå mykje opp i pris under auksjonar.

Talsethagen fortel at postkort med bilete av båtar, fly, jernbaner og jernbanestasjonar er verdt mykje. Gamle bilar og bussar er plar også å ha høg verdi.

– Det er lurt å leite heime i gamle kister, og sjå om ein kan finne nokre verdifulle postkort, seier 75-åringen.

Jan Talsethagen sine postkort

TIL SALS: Jan Talsethagen finn fram postkorta han skal selje på samlarmessa. Enkelte har større verdi enn andre.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Problemet er kva ein skal gjere med korta om ein ikkje lenger har nokon glede av dei.

– Etterfølgjarane våre er ikkje spesielt interesserte. Dei er heller interessert i å selje korta og få pengane, humrar sogndølen.

Over hundre år gamle

Talsethagen har samla på postkort i 30 år. Han er på plass på den årlege samlarmessa på Skei for 26. år på rad, og har vore med heilt sidan oppstart.

– For oss samlarar er dette årets høgdepunkt. Vi kryssar av i kalenderen, og veit allereie kva dato messa skal vere til neste år.

Gamle postkort
Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

På bordet i kafeen på Audhild Viken vevstove plasserer Talsethagen ein stor sølvkoffert. Han hentar fram finsorterte postkort i svart-kvitt. Nokre er over hundre år gamle.

For oss samlarar er dette årets høgdepunkt. Vi kryssar av i kalenderen, og veit allereie kva dato messa skal vere til neste år

Jan Talsethagen

– Her har vi postkort frå Måløy, Gloppen, Selje, Stadlandet, Nordfjord, Jølster, Førde, Sunnfjord og Stryn.

Korta skal han selje på samlarmessa. Sine eigne samlingar ligg heime i store album.

– Dei tek eg godt vare på.

Av verdifulle postkort har 75-åringen om lag 500. Til saman har han mellom 3.000 og 4.000 kort av ulike kategoriar.

– Eg tar dei opp og ser på dei ganske ofte, men ikkje alle då sjølvsagt.

Kongeleg kassebil

Mellom 20 og 30 filatelistar frå både Sogn og Fjordane, nabofylka i nord og sør, og til og med frå Oslo, er på plass på Skei laurdag. Nesten alle er grå og tynne i håret, for det er visst ikkje så mange unge som er interessert, med denne gjengen er i alle fall det.

Midt i kafeen ligg gamle brev, postkort, frimerke, setlar og myntar strødd utover eit langbord. Dei eldre småjoggar bort så fort dei får moglegheita.

Aage Halskjelsvik visar Ingvar Elgesem gamle postkort.

LOKAL SKATT: Aage Halskjelsvik (t.h.) har funne postkort med bilete av ein kassebil som vart bygd i heimstaden Ørsta frå 1937. T.v.: Ingvar Elgesem.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Aage Halkjelsvik legg merke til eit album med gamle postkort i. For å få ein nærare kikk, lettar han albumet forsiktig opp og hentar fram brillene. Smilet kjem fram då han legg merke til eitt spesielt postkort.

– Denne kassebilen blei bygd i Ørsta, der eg kjem frå. Bilen blei sendt til Kongehuset.

På biletet leikar to små jenter med kassebilen. Under biletet står teksten: «Prinsesse Ragnhild og Astrid. Oslo, 37».

– Dette skal eg kjøpe, seier Halskjelsvik bestemt.