Hopp til innhold

Her trenar Torp med Brann igjen

Carl-Erik Torp er tilbake på treningsfeltet. Lagkameratane lovar å kjempa for gull i cupfinalen.

Carl-Erik Torp på Brann-trening igjen

SJÅ VIDEO: Carl-Erik Torp på Brann-trening igjen.

Carl-Erik Torp

TILBAKE: I dag trente Carl-Erik Torp med Brann igjen.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

I dag var han tilbake på treningsfeltet, berre ein drøy månad etter den dramatiske hjartestansen på Fosshaugane .

Det er tydeleg at det betyr mykje for motivasjonen til lagkameratane.

Lovar å gje alt

– Carl-Erik betyr mykje for laget, så når han er med her, og har så godt humør, så betyr det mykje for oss, seier Brann-kaptein Erik Mjelde.

Han seier laget skal gje alt for å slå Aalesund i cupfinalen, slik at den hjarteopererte lagkameraten får vera med og løfta pokalen.

– Vi er nøydde til å gje alt for å vinna den pokalen, seier Mjelde.

– Cupfinalen blir ei påkjenning

Torp syns sjølv det er veldig kjekt å vera i aktivitet igjen, sjølv om karrieren som toppfotballspelar truleg er over.

Han fryktar at han kjem til å bli veldig nervøs når han må sjå cupfinalen frå sidelinja.

– Eg veit ikkje kva som er verst, å spela eller sjå på. Eg trur det blir ei påkjenning uansett. Eg får vel halda meg nær inntil nokon frå Røde Kors, seier Torp.