Hopp til innhold

Her trenar Forren med Brann: – Eg gler meg ekstra til kampane mot Molde

BRANN STADION (NRK): Vegard Forren starta Brann-karrieren med ei fysisk hardøkt. No handlar alt om å kome seg i form, og vise Molde at dei tok feil då dei avslutta kontrakten med midtstopparen.

Vegard Forren på sin første Brann-trening, 10. juni 2020

FORREN: Vegard Forren og fysisk trenar Manu Torres på Brann sitt treningsanlegg utanfor Brann Stadion.

Foto: Janne Håland / Brann.no

På det grøne graset utanfor Brann Stadion løp Vegard Forren sine første drag som Brann-spelar onsdag.

Tysdag signerte han for raudtrøyene ut 2020-sesongen, etter at Molde avslutta kontrakten med han i mai. Forren stod fram med speleproblem og han skal ha tatt pengar frå Molde-spelarane sin konto for å betale si eiga gjeld.

På treningsanlegget onsdag fortalde han om korleis han no ser på framtida i Brann.

– Eg har god støtte frå familie og nære, og eit team rundt meg som er heilt fantastisk. Rune Soltvedt (sportssjef i Brann, journ. anm) har vore veldig fin, og vi har hatt ein god prat. Prosessen held fram for min eigen del, og det vil løne seg for alle til slutt. No er fokuset å bidra med det eg kan best, som er å sparke fotball, seier Forren.

Han vil ikkje gå nærmare inn på korleis han handterer speleproblema som gjorde at Molde-karrieren tok slutt.

Vegard Forren

SERIEMEISTER: Vegard Forren har vunne Eliteserien med Molde fire gonger.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Gler seg til Molde-kampane

Forren har spelt i tre periodar i Molde, avbrote av to korte opphald i Southampton og Brighton utan å få spele kampar.

Når han no er i Brann, seier han at han gler seg ekstra til kampane mot gamleklubben som han har vunne seriemeisterskap med, og som gjorde han til landslagsspelar.

– Det blir heilt sikkert spesielt, men det har eg ikkje tenkt så mykje på no. Men eg skal ikkje legge skjul på at eg kanskje gler meg ekstra til kampane mot Molde for å vise at dei tok feil, seier Forren.

Familien blir med til Bergen, sjølv om Forren berre har signert ut året.

– No er det eit halvt år i utgangspunktet, men målet er å vise kva eg kan. Det kan bli aktuelt å forlenge kontrakten.

Vegard Forren og Rune Soltvedt bak en pult med hvit vegg med Brann-logo i bakgrunnen

SIGNERT: Onsdag signerte Vegard Forren på kontrakten som bind han til Brann ut 2020-sesongen.

Foto: Janne Håland, Brann.no

– Må få ein sjanse til

Sportssjef i Brann, Rune Soltvedt, seier at dei har diskutert speleproblema med Forren, men vil ikkje gå i detalj på korleis dei følger han opp.

– Eg vil ikkje gå inn på det, men vi ønskjer å hjelpe alle spelarar med at dei har det bra både på og utanfor banen. Han er ein fin person og ein fin type, seier Soltvedt.

No meiner han at Forren må få ein sjanse til.

– Han stått fram med si historie. Alle har sin bagasje i livet. No må han få ein sjanse til å spele fotball og vise at han er ein god fotballspelar og person.

Reint sportsleg vil ikkje Soltvedt seie om Forren vil gå rett inn i laget.

– Vi håpar han skal forsterke ein allereie sterk Brann-stall. Han har spelt på toppnivå og vi har rett og slett veldig stor tru på han her, seier han.

– Og han hadde sjølv veldig lyst å kome til Brann?

– Alle burde tenke den tanken. Det er ein unik klubb og ein unik by, seier Soltvedt.

Fysisk form

Forren fekk oppfølging av Branns fysiske trenar Manu Torres under økta. Serien startar neste veke, men det er ikkje sikkert at Brann vurderer at Forren er klar til å spele.

– Det var godt å kjenne på at pulsen steig og eg måtte jobbe for det. Eg har halde meg bra i gang på eiga hand, men ein skal aldri undervurdere å vere med i ei treningsgruppe, seier han.

Sjølv seier Forren at han er klar allereie på fredag, når Brann møter Øygarden til treningskamp og generalprøve før sesongstart.

Ali Ahamada på sin første Brann-trening, 10. juni 2020

KEEPER: Ali Ahamada blei signert frå Kongsvinger.

Foto: Janne Håland / Brann

Ny keeper

Då kan Brann òg stille med ein annan nysignering, keeperen Ali Ahamada som kom frå Kongsvinger tysdag.

28-åringen har spelt på øvste nivå med den franske klubben Toulouse og seinare i Kayserispor i den tyrkiske eliteserien. Før førre sesong fann han vegen til Kongsvinger, før turen no har gått til bergensarane.

– Eg kjem til Brann med lidenskap og kjærleik til fotballen, seier keeperen, som har notert seg for ein YouTube-klassikar av eit mål, fem minutt på overtid i ein seriekamp i den franske eliteserien (ekstern lenke).

Han seier han er glad for å kome til Bergen.

– Det er ein fin og stor klubb. Eg trudde ikkje det var ein så stor klubb, for å vere ærleg. Kongsvinger er òg veldig fin, med mange fine folk, men når eg kom her er det som å vere i Frankrike eller Tyrkia igjen, seier Ahamada.