Hopp til innhold

Her kjem rekordmange innvandrarar i arbeid

Vestlandskommunen kan ha funne suksessoppskrifta på korleis fleire innvandrarar kan kome inn i arbeidslivet. – Oppsiktsvekkande resultat, meiner forskar.

I Gloppen har dei utvikla ein «oppsiktsvekkande» modell: Her kjem rekordmange innvandrarar i arbeid.

SUKSESS: «Gloppen-modellen» har hjelpt rekordmange innvandrarar ut i arbeidslivet.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Eg har vore her frå første praksisdag. Eg har blitt godt kjent med alle.

I vår tok 39 år gamle Samra Ytbarek fagbrev som helsefagarbeidar.

Og no har ho fast jobb.

Ho er ein av fleire minoritetsspråklege vaksne som har teke utdanning gjennom den såkalla «Gloppenmodellen».

Modellen legg vekt på at elevane skal få både teori og praksis alt frå første studieår når dei startar på vidaregåande skule. Samstundes tek dei ei utdanning det er behov for i arbeidslivet.

Flyktningar er hovudmålgruppa, men òg andre kan søkje. Og resultata vekker oppsikt.

Nærare tre av fire i fullførte kull har fått fagbrev eller autorisasjon for fagutdanning.

– Det er svært gode resultat, ut frå at mange av deltakarane er minoritetsspråklege vaksne og at dette er ei fagutdanning, seier seniorforskar Astrid Espegren ved Norce Research.

Gloppenmodellen

UTDANNA FAGARBEIDAR: Samra Ytbarek er utdanna helsefagarbeidar gjennom «Gloppenmodellen» og har fått fast jobb.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Mål om meir tilpassa utdanning

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at 65 prosent av innvandrarar mellom 20 og 66 år hadde jobb i 2020.

Men biletet varierer med innvandringsbakgrunn, kva land folk kjem frå, kjønn og tidlegare utdanning- og yrkeserfaring.

Personar som kjem til Noreg som flyktningar eller i samband med familiegjenforeining har lågare grad av yrkesdeltaking enn andre innvandrargrupper.

For å senke terskelen for deltaking i arbeidslivet krevst det fleire grep. Éi av løysingane å sørge for effektiv og målretta kvalifisering for norsk arbeidsliv, seier Hanne Kavli, som er forskingssjef i Fafo.

– Vi begynner å få god dokumentasjon på at det er vanskeleg å kome inn i arbeidslivet og bli der over tid, viss du ikkje har ein formell kompetanse arbeidslivet spør etter, seier ho.

Hanne Cecilie Kavli

KLARAR OSS IKKJE UTAN: ​​​​​​​ – Det er mange innvandrarar i norsk arbeidsliv, vi klarer oss ikkje utan. Men det er store variasjonar mellom grupper av innvandrarar, seier forskingssjef i Fafo Hanne Kavli.

Foto: FAFO

Må vere behov for arbeidskrafta

Eit reelt behov for arbeidskraft ligg i botnen for kva fagutdanningar som blir tilbydd i Gloppenmodellen.

Elevane kan mellom anna bli helsefagarbeidar, tannhelsesekretær eller få fagbrev innan plast- og komposittfag.

Kor mykje skulegang elevane har frå før, varierer. Haldning og motivasjon er avgjerande.

I andre enden ventar garanti om læreplass.

Prosjektleiar Ann Iren Festervoll i Nav Gloppen meiner oppskrifta gir resultat.

– Vi var ein fråflyttingskommune når det gjaldt flyktningar. Det var vanskeleg å få jobb og gå på ordinær vidaregåande skule, seier ho.

– Då vi fekk Gloppenmodellen tilpassa ei vaksen gruppe og ei gruppe som må lære språket langs med, såg vi at folk blei buande her.

Gloppenmodellen, Ann Iren Festervoll, prosjektleiar.

INTERESSE: Andre kommunar, NAV-kontor og vidaregåande skular viser interesse for modellen, seier prosjektleiar Ann Iren Festervoll i Nav Gloppen.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Vil bli sjukepleiar

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har finansiert eit treårig forskingsprosjekt på Gloppenmodellen.

Målet er at fleire kjem i arbeid. Då treng vi fleire slike utdanningsmoglegheiter for vaksne med innvandrarbakgrunn, seier IMDi-direktør Libe Rieber-Mohn.

Mange av elevane er vaksne og har familie, i tillegg til at dei tek utdanning på eit nytt språk.

Det gjeld også Samra Ytbarek. Ho tok fagbrev til «svært godt bestått», men har allereie sett seg nye utdanningsmål.

– Eg tar påbygg eit år og skal begynne på sjukepleie, viss eg klarar det, seier ho.

Gloppen

SUKSESS: Her har det funne suksessoppskrifta. I Gloppen kjem rekordmange innvandrarar i arbeid.

Foto: Tordis Sande / Tordis Sande